Full skjerpings VG

Altså - Full skjerpings VG som heile tida koblar artiklane om alle "idiotane" som har dukka opp i klovnemasker den siste tida, med drapssaka om "den ekte dødsklovnen" frå USA som drap 33 personar mellom 1972 og 1978! Han hadde då heller aldri på seg klovnekostymer i gjerningsøyeblikka. Denne typen journalistikk skaper SVÆRT mykje frykt blant både born og unge, som ikkje klarer å skilje det nye "motefenomenet" klovneskremming er, frå ein psykisk sjuk drapsmanns illgjerningar på 70-talet. 

Eg er difor svært kritisk til VG si dekning av dette - og VG er faktisk ein av dei hovudansvarlege bak den frykta som born og unge no opplever! SKJERPINGS VG!



#xtor=CS6-6-[23824056%20svensk_gutt_hoppet_fra_balkong_da_klovn_dukket_opp]">http://http://www.vg.no/nyheter/utenriks/sverige/svensk-gutt-hoppet-fra-balkong-da-klovn-dukket-opp/a/23824056/#xtor=CS6-6-[23824056%20svensk_gutt_hoppet_fra_balkong_da_klovn_dukket_opp]

Dette er ei brystvorte ...

 Foto reclaimyourcurves

Dette er ei brystvorte, ei heilt vanleg ganske så normal brystvorte. Kva for nasjonalitet og/eller religion denne brystvorta har, er ikkje så farleg, brystvorta er slik den er uansett. Det som derimot betyr noko, er om brystvorta tilhøyrer ein mann eller ei kvinne.

− Ja, for i enkelte land er brystvorter farlegare enn våpen, kvinnelege brystvorter altså. Menn kan vise brystvortene sine så mykje dei vil, anten dei sit på et glattbarbert muskulløst bryst, eller hårete mannlege hengepuppar av den mindre delikate sorten. Skulle eg velge kven som skulle dekke til brystvortene sine, er eg ikkje i tvil om at eg gjerne skulle sleppe å sjå det eine framfor det andre, men det ville være dobbeltmoralsk å be det eine kjønnet dekke seg til når det andre får lov å vise sine brystvorter, uansett kor struttande eller slappe dei er, ville det ikkje?  

Heilt korleis det har seg at kvinnelege brystvorter har blitt så farlege skjønar eg ikkje, for det er vel ikkje så mange tilfeller der brystvorter har vore direkte involverte i drap, ran og overfall? − Men i enkelte land, som USA for eksempel, der er brystvorta det farlegaste som finnast, og det kan faktisk verte nasjonal skandale og oppvaskmøte der folk må be som mykje om årsak, dersom det tilfeldigvis skulle verte blotta eit slik dødeleg fysisk våpen på ... ja lat oss seie til dømes SuperBowl på nasjonal TV. Ironisk nok kan du i det same landet få kjøpe automatvåpen over disk, sjølv med ei medisinsk historie med psykiske problemer. Hadde du vore kvinne og blotta brystvorta di samstundes som du skulle kjøpe eit automatvåpen, er eg viss på at du hadde blitt kasta ut frå butikken og sikkert fått det på rullebladet at du er ei fare for samfunnet og difor ikkje burde få eige så mykje som ein vatnpistol samstundes.

Men tilbake til dette bilete av denne brystvorta − visst er ho fin, eit riktig prakteksemplar av ei brystvorte, men igjen, det som betyr noko er faktisk om ho høyrer til ein mann eller ei kvinne, og difor kan eg ikkje seie noko om akkurat det. For seier eg at det er ei kvinnebrystvorte er det ikkje lov å vise ho på Facebook, og seier eg at det er ei mannebrystvorte, så lyg eg. Men å lyge om at brystvorta er mannleg eller ikkje er tydelegvis mindre farleg enn å vise ei ekte kvinneleg brystvorte.

Og denne kvinnelege brystvorta, som dei aller fleste av oss, ja eg vil faktisk seie dei aller heldigaste av oss, møter som nyfødde, som ei kjelde til liv, næring og tryggleik, skal vi altså etter kvart sky som pesten bokstavelig tala. Og dei som skulle være så frekke eller uheldige å vise ho til oss i vårt vaksne liv, i kritiske og heilt uhørte situasjonar som for eksempel amming, skal straffast og sanksjonerast, og helst plasserast bak forheng eller aller helst i eigne rom.

Ja den kvinnelege brystvorta er livsfarleg - utanfor soverommets fire veggar vel og merke − for der er den kvinnelege brystvorta ikkje lenger farleg, tvert i mot, der vert ho hylla og tilbedt av sjølv den mest konservativt religiøse mann eller kvinne. Men automatvåpenet som du fritt kan vise bilete av og få enkel tilgang til i mange av dei same landa som skyr brystvortene, dei kan du gjerne vise bilete av kor som helst, men av ein eller annan grunn kanskje ikkje så ofte på soverommet.  

I dei siste dagane har eg lese ein debatt der småjenter på ein skule i Nordland har fått beskjed om å bruke badedrakt og ikkje bikini når dei har symjeundervisning, fordi dei ikkje skal støte "Omar" som tilhøyrer ein religion der ein ikkje bør sjå navlane til andre jenter. - At dei berre er born på 9 år betyr tydelegvis ikkje noko ... 

Dette er ein navle, ein heilt vanleg navle. Kva for nasjonalitet og/eller religion denne navlen har, er ikkje så farleg, navlen er slik den er uansett. Det som derimot betyr noko, er om navlen tilhøyrer ei jente eller ein gut ...  

 



 

Om eg var lei for det ...

Av og til er det ikkje til å unngå at nokon vert såra når du tek avgjerdsler ut i frå eigne behov - og det er ekstra vanskeleg når du ikkje er van med å gjere det, spesielt dersom det går ut over nokon andre og du ikkje er forberedt på den negative reaksjonen du kan få. 

Min ryggmargsrefleks dersom nokon meinar eg har gjort noko gale er å legge meg flat, seie at jauda, du har nok rett, det var utan tvil min feil og berre min feil, og at eg er lei for det. Alt det du seier om meg er sant, eg er nok ein dårleg person. Og ikkje nok med det, angeren eg kjenner er oppriktig, og kjennes vond å bere på, og eg klandrar meg sjølv for å ikkje være smartare, meir hensynsfull, og eit betre menneske. Men eg har etterkvart forstått at det ikkje alltid er så svart/kvit, og at det ikkje berre finnes ei sanning. Mykje fordi eg ikkje har hatt ei god nok verktøykasse til å seie at, vent litt ... det er ikkje heilt slik du oppfattar det, og at di røynd ikkje er mi røynd. Eg har rett og slett ikkje klart å stå opp for meg sjølv, fordi eg ikkje har følt at eg har hatt nokon verdi, og at det andre synes og meinar om meg har hatt mykje større kraft, og til tider øydeleggjande effekt, enn det vesle eg har hatt av sjølvkjensle har klart å stå i mot. 

Slik er det til ei viss grad enno, men denne gongen kjenner eg på ei litt anna kjensle ... eg er ikkje lei for at eg har teke dette valet, nettopp fordi det var eit bevisst val om at eg heller ville gjere noko anna enn først planlagt, og valde noko som er betre for meg og mine behov. Det som ikkje kjennes bra, er at dette var på bekostning av nokon andre, nokon som ikkje fortjente å bli satt på sidelinja eller i andre rekke, og det er eg lei for, og det kjennes ikkje bra, og er heller ikkje noko eg tek lett på. 

Eg vil uansett alltid i det lengste prøve å unngå å såre nokon, men til sjuande og sist, er det å take vare på eigne ynskjer og behov også ein viktig øvelse, som eg behøver å verte betre til, og følgeleg også lære meg å stå støtt og rakrygga dersom det går ut over nokon. 



 

Hold kjeft Anne Grete Preus! ... Du syng for døve ører akkurat i kveld ...

Du syng for døve ører når du syng at "Du er god nok som du er", for eg føler meg absolutt ikkje god nok, eg kjenner meg ikkje god i heile teke. Eg kjenner meg berre mislukka, einsam og aleine, og vil berre kaste meg i senga, grave hovudet ned i puta og gøyme meg under dyna, og aller helst ikkje bli vekt før vårsola byrjar skine ...

- Og du prøver videre du Anne Grete, du gir deg ikkje, og fortset i same ukelege optimistiske tone med å synge at "Når verden går i mot deg, er det allikevel, ingen så iherdige som demonene inni en selv" ...

- Hmm, kva er det eigentleg du meiner med det da Anne Grete?. Er det noko som fantes inni meg frå før av som gjer at eg ikkje kjenner meg god nok? Eg kan jo ikkje være god nok - fordi daten eg var så begeistra for, vil jo ikke date videre, fordi som han sa "Æ kjænne ikkje det lille ekstra", og då må det jo være noko gale med meg må det ikkje?
Når han ikkje vil ha meg like mykje som eg vil ha han, så må det jo berre bety at eg har gjort noko gale, eller i alle fall ikkje har sagt og gjort dei rette tinga, eller vore ein spanande og interessant nok date? Og når han ikkje vil ha meg, vil vel ingen andre heller ha meg? ... Eg kjem vel til å være einsam resten av livet, trur du ikkje det? 

Åh, du syng og du syng du Anne Grete. - Eg nektar å høyre etter med meir enn eit halv øyre, men kva meiner du eigentleg med:  "Da gjør du skuffelsen til din lojale bror, Og pleier smerten tålmodig, Så den kan vokse seg sterk og stor"? ... Seier du at eg sjølv er ansvarleg for å tenke tankar som gjer at eg kjenner meg udugelig? At eg sjølv nærer opp under den vesle sorgen eg kjenner over den strandede daten, når eg brukar tid på å tenkje på alt vi skulle gjere saman, og drøymer fram scenarier om kor lukkelege vi kunne blitt? Eller prøver å finne svaret på om eg kunne gjort noko annaleis, og slik endra utfallet? 

Eg hater å innrømme det, men det byrjar å gi ei slags meining det du syng Anne Grete, kanskje er du ikkje så dum likevel ... og kanskje er ikkje eg så dum heller, som klarer å sjå at grunnen til at eg føler meg udugelig er fordi ein eg eigentleg ikkje kjenner ikkje vil date lenger? Eg kan jo ikkje akkurat tvinge han til å kjenne følelser han ikkje har heller. Og når eg tenkjer etter, så er det ikkje sikkert at han var den rette for meg uansett, han fekk berre eit lite overtak på meg i det at det var han som gjorde det slutt, og slik ga meg den vonde kjensla av å bli avvist. Og er ikkje kjensla av å bli avvist noko eg har jobba med å bearbeide heile livet? ... Er det avvisningsspøkelset som er dei Demonane Anne Grete syng om som finnes inni meg? ... 

Ja, det byrjar verkeleg å gi meining det du syng Anne Grete, alle dei vonde tankane og den låge sjølvkjensla bur verkeleg inni meg frå før, og vert av og til forsterka av ytre heindingar, men betyr det at eg ikkje er god nok? 

Svaret er sjølvsagt det motsatte, eg er meir enn god nok, eg er faktisk så bra at eg er altfor bra for ein date som ikkje vil ha meg, for han har ikkje skjønt kor god eg faktisk er. Det er han som har gått glipp av ein utrulig lidenskapelig, varm, stabil og lojal kjæreste. Han har verkeleg gått glipp av moglegheita til å bli kjend med ein fantastisk bra fyr.

Då har du jo rett likevel da Anne Grete, eg er god nok, god nok som eg er ... 

Så takk da Anne Grete, fordi du fekk meg til å tenkje litt, og fekk meg ut av den sjølvforsterkande negative tankespiralen eg var inne i. Og unnskyld for at eg ba deg holde kjeft. Neste gong eg behøver gode råd, skal eg sjekke om ikkje du har skrive og sunge noko om det også. For du er ei utrulig klok dame Anne Grete, og du er ikkje berre "God nok" - du er heilt utrulig bra, og det du skriv og syng er konsentrert livsvisdom og ei stor kilde til refleksjon, ettertanke og trøyst. 

Og sjølv om eg fortsatt kjenner det er litt trist at det ikkje vart noko meir mellom meg og ham, skal eg heller tenkje at draumemannen fortsatt er ein stad der ute, eg har berre ikkje funne han enno. Og om eg tenkjer på og verkeleg trur at eg er god nok, vil han oppdage og sjå meg også, før eller seinare ... 

En sang om når du ser deg selv i knuste speil ... 




 

Den løyndomsfulle Hagen ...

Og no snakkar eg ikkje om historia av Frances Hodgson Burnett, men om Stein Erik Hagen, som no endeleg har teke det store steget det er å kome ut for heile Noreg, og heile verda for den del. Jubelkoret vil ingen ende ta, og eine kjendishomoen etter den andre står i kø for å gratulere Stein Erik Hagen med å endeleg ha kome ut av skapet! - Som homofil ... 

Og dette skal sjølvsagt skrivast med store bokstavar:

STEIN ERIK HAGEN ER HOMOFIL! HOMOFIL, HOMOFIL, HOMOFIL! For ein sensasjon!

For dei som såg intervjuet med Skavlan forrige fredag, var det ikkje måte på kor Skavlan skulle understreke dette med homofilien, men heldigvis tok Stein Erik Hagen dette med fatning.

- Men;  - seier Stein Erik Hagen i etterkant, for han måtte ut i avisene dagen etter for å moderere seg, - Eg er då ikkje homofil, eg er bifil, og dei siste 20 åra har eg heller ikkje vore i skapet ... Og alle dei som kjenner meg, min næraste familie og mine to eks-koner har vist om dette i lengre tid. - Og det kan heldigvis ingen arrestere han på, om nokon skulle hevde at han hadde ført nokon bak lyset eller levd på ei løgn heile livet.

- Likevel var det homofilien Skavlan var mest oppteken av, og muligheita for at det kunne være fleire nyansar enn berre svart/kvit, verka han ikkje være så veldig oppteken av.

Heller ikkje i det såkalla "homomiljøet" har det vore hemmeleg at Hagen er skeiv, men heller ei etablert sanning i mange år. Hagen har både frekventert utestadar for skeive og homofile, og også hatt både mannlege kjærestar og elskarar. Og det kan også nemnast at han har Noregs største samling av homo-erotisk kunst, noko som kanskje hadde vore litt underleg for ein heilt heterofil mann? Men å byrje å snakke for mykje om dette blir meir for fråtsing i privalivet å rekne, enn informasjon som eigentleg er relevant i denne saka.

- Uansett, Hagen har då aldri benekta å være verken det eine eller det andre, det er berre ingen som har spurt han om det offisielt ... Før no.

Så no når "katten endeleg er ute av sekken", mannen er ute av skapet og sensasjonen byrjar å avta, er det fint om vi kan fokusere på det som dette eigentleg handlar om, nemleg om retten til å kunne være den ein eigentleg er, og å kunne leve eit godt liv utan å måtte skjule noko så grunnleggjande som seksuell legning. Det er urovekkande at ein så rik og innflytelsesfull person som Hagen har holdt dette skjult for offentlegheita heile livet fordi det har vore for vanskeleg å fortelle det, men det er enda meir urovekkande at det får så store medioppslag, og at det er så sensasjonelt når han til slutt gjer det.

Vi har tydelegvis fortsatt ein lang vei å gå også i Noreg når det gjeld å normalisere homofil legning, men det er lov å håpe at neste gong ein kjend norsk profil står fram, at det berre fører til eit skuldertrekk, og kanskje eit lite smil for å vise at det er heilt ok å være skeiv!

Til sist handlar jo alt berre om å kunne elske den ein elsker!

Å lengte etter noko du ikkje heilt veit kva er ...

Når du står og kikar ut glaset, ser på den blå himmelen og skyene som sig innover i det fjerne. Du kjenner suget i brystkassa og klumpen i halsen ... du lengter, lengter så det verker i kroppen. Kjenner suget etter noko, noko som du verkeleg behøver ... som det mest basale, grunnleggjande, som sjølvaste urkjensla ... 

Nokon å elske, nokon som elskar deg tilbake. Som du kan omfavne, som kan omfavne deg. Ein å kjenne varmen frå, lytte til andedrettet til.

Kjenne hjartet dunke mot ditt eige ... være to saman ... være varme nakne kroppar og nakne kjensler ... kjenne resonans ...

Så med eitt går det opp for deg ...

Du lengtar etter kjærleik ... 

 

Tooji! Det er greit at du er homo ... Vi liker deg, berre ikkje provoser eller gjer noko folk kan bli støytt av!

Det verkar som at dette er refrenget som er gjengs blant folk flest, og ikkje minst andre kjendisbloggere, som Espen Hilton og Erlend Elias. Espen Hilton skriver i sitt blogginnlegg Vil du pule i kirken? at han ikkje skjønar kvifor seksuell likestilling skal foregå foran alteret i ei kirke, men det er jo nettopp det som er det geniale med Toojis video. Homofile får ikkje inngå ekteskap på lik linje med heterofile par, døra og vegen til alteret er stengt for likekjønna par, og ubetinga nestekjærleik og toleranse eksisterer ikkje i den norske kyrkja i dag. Videre synes eg Espen Hilton bommer når han kun fokuserer på at videoen handlar om å pule foran alteret, det er jo langt i frå det som er bodskapen i videoen. Og ja, eg skjønar at det kan provosere mange at Tooji "tek seg til rette" i det aller helligste vi har i norsk kultur, men det er nokok som heiter at målet helliger middelet - og i dette tilfellet har Tooji verkeleg lukkast med middelet, og med å få satt fokus på den norske kyrkja sin politikk, som faktisk er i strid med norsk lovgivning og til og med har fått unntak frå den. Det var svært så tilfredsstillande å sjå Tooji utfordre likestillingsombudet Sunniva Ørstavik på kvifor Kirka ikkje må forhalde seg til det same likestillingsregelverket alle andre må rette seg etter. Arild Rønsen sitt innlegg Fritt ord til Tooji tek dette på kornet etter mi meining, når han skriv om debatten rundt videoen, og at Tooji faktisk fortjener Fritt ords pris for å fronte bodskapen og meiningane han har.

I intervjuet med TV2 seier Tooji sjølv at videoen er skapt for å provosere og skape debatt, at den først og framst er eit oppgjer med religion i seg sjølv, eit oppgjer med religion som stemplar homofili som synd og skam, og som i mange land faktisk legitimerer tortur og drap på mennesker. Drap på mennesker som tilfeldigvis elskar ein av same kjønn.

Og ja, det er mykje som kan diskuterast og settast fingeren på i denne videoen, er han eit godt førebilete for unge usikre tenåringar når han viser sin perfekte kropp, er det nødvendig å seksualisere bodskapen som om homofili berre handlar om sex og ikkje kjærleik?... og så bortetter. Men då må vi ikkje gløyme at dette er ein musikkvideo, som er ein eigen sjanger og eit eige univers, der både musikken og bileta skal fange oppmerksemda, fenge, provosere og engasjere ... og alt dette på kort kort tid. Han meistrar verkeleg sjangeren musikkvideo.

Eg vil difor med dette innlegget applaudere Tooji for videoen - han har lukkast med å sette fokus på, og starte ein viktig debatt kring likestilling og like rettar, uansett legning og kjønn. Har han tråkka nokre fintfølande bloggarar og leiarar i den norske kirka på tærne ved å gjere dette, så er det ein bagatell i forhold til korleis kirka og religion har diskriminert og forfulgt minoritetar opp i gjennom historia. At den norske kirka i 2015 får lov til å fortsette å diskriminere, det er det som er skammeleg i denne debatten.

At videoen i tillegg har blitt sensurert og ligg bak innlogga område på YouTube, er etter mi meining også ganske hårreisande ... bar hud er altså mykje farlegare enn leik med våpen og livsfarlege stunts ... forstå det den som kan. 

 

Ein "dritfin" start på dagen ...

- Og det heile byrja som ei uskuldig oppgåve ein sein kveld, då eg og dotter mi oppdaga at det ikkje lukta så godt frå akvariet. Etter ein rask sjekk av filtera kunne eg konstatere at dei var modne for utskifting, men inntil vi fekk kjøpt nye, måtte vi reingjerde dei gamle. Så opp i vaskebøtta med filterboks og filter og rett i dusjen med dei for ei gjennomspyling. Så var det berre å tøme ut vatnet i do, og skylle filtera igjen. Men kva skjedde? Jau det eine filteret løsna frå filterboksa, og plopp forsvant det ned i do, og ute av syne var det. Ja ja, tenkte eg, det ser eg vel aldri att.

Og så byrja problema. Ved neste dobesøk rant vatnet litt saktare ut enn vanleg, og neste gong enda litt saktare. Eg banna inni meg, for eg skjønte at på ein eller annan plass i do eller i røyra, hadde filteret laga ein propp. Får håpe det held over Pinsa da i alle fall, tenkte eg, det er jo så dyrt å få røyrleggjar på besøk i helgene, og ikkje minst helligdagar.

Eg instruerte borna om å ikkje bruke mykje papir i do, og så langt såg det greit ut.

Heilt til eg vart vekt kl. 05.35 i dag tidlig av minstemann. "Jeg er ferdig!", høyrde eg frå badet og spratt opp for å unngå at han fylte doen med papir. Og då eg kom inn på badet, hadde fireåringen produsert den største ladninga med bæsj eg har sett i heile mitt liv frå ein så liten pjokk. Dette går aldri bra, mumla eg for meg sjølv, og papiret eg tørka han med, havna i ein plastikkpose, og ikkje i do. Og smart var det, for då eg trakk opp, steig vatnet, og bæsjen faretruande opp mot dokanten.

Heldigvis, litt etter litt seig vatnet tilbake, medan bæsjen vart liggande att som brune årringar langs doskåla. Etter ein halv time og uttallige spylingar, var det aller meste borte.

Konklusjonen var altså likevel at doen var så godt som tett, og eg som i tillegg skulle ha barnevakt, og ikkje berre barnevakt, men ein kompis, kona og sonen skulle overnatte. Så det var ikkje berre tre som skulle bruke toalettet i helga, men heile seks personar. Ai ai ai ... var nær ved å avlyse både barnevakt og avtala i kveld, men så tenkte eg at eg i alle fall fekk sjekke kva det ville koste å få besøk av ein rørleggjar. Eg kunne jo ikkje gi opp så lett!
Men det var ikkje billig må du tru, berre oppmøtet kosta 1 500, påfølgande timer, sjekk og anna, ville kome på over 5 000 kr. Eg byrja kaldsvette, og såg feriepengane flakse ut av vindauget. (Eg skal nemleg på designseminar neste veke, og tek ut nokre dagar ferie samstundes).


Eg måtte tenkje over alternativa; 1. avlyse barnevakt, og avtalen i kveld, 2. får hit ein rørleggjar for å sjekke røra og betale ei lita formue. 3. Google ...
Og google gjorde eg, og fant ganske raskt ein video på YouTube som viste korleis ein demonterer eit toalett. Dette ser jo greit ut, tenkte eg. Dette kan eg klare. Så var det berre å finne fram ei bøtte, hansker, skiftenøkkel, og ... pågangsmot.

Byrja med å stenge av vatnet til sisterna, check. Så koble frå vasstilførselen frå sisterna, check! Deretter skjære bort silikonen langs foten av doen, og så prøve å løfte doen av avløpsrøret, check. So far so good, alt gjekk etter planen.

Og ganske riktig, då eg løfta av doen frå røret, åpenbarte det seg eit herlig syn, røret var nesten heilt tett av dopapir og dritt. Eg frykta det verste, sat filteret langt nede i røret, ville det bety at eg ville måtte tilkalle rørleggar likevel, og innsatsen min ikkje verdt ... eh, ein dritt. Stålsatte meg, og gjorde meg klar til å tømme røret. Og ved første kontakt kjente eg noko hardt, og det var faktisk filteret som hadde satt seg fast heilt øverst i røret. Eg kjende pulsen stige i det eg fiska filteret ut, og plopp, der forsvant resten av dritten rett ned, det var fri passasje i røret igjen!

Eg ropte ikkje hurra der eg stod med ein pose full av dritt og dopapir, og eit filter som hadde sett sine beste dager, men eg var svært lukkeleg, og ikkje minst nøgd med at eg er slik ein handyman ...

Så må jo berre rette ein takk til Google, og ikkje minst YouTube, og så får eg litt lyst å peike nase til rørleggarfirmaene som tek ei lita formue berre for å møte opp, men gjer det ikkje, då eg skjønar at prisane ikkje er høge for moro skuld. Det er jo ein drittjobb bokstavelig tala (!).

No blir det både besøk, barnvakt og frikveld - og ikkje minst, eg sparte feriepengane og kan glede meg til ferien!

Don´t be a drag just be a Queen ... kvifor er det så skamfullt for ein mann å være feminin?

"Jævla femidott" smalt det frå ei av jentene i klassa mi på ungdomsskulen då eg passerte ho på veg inn i klasserommet! Det sat som eit skot i magen! Kva femidott? Er eg femi? ... Eg kjente umiddelbart skammen brenne i kinna, og eg kjende ein klump i halsen som stadig vaks seg større og større. Var det slik alle dei andre på skulen såg på meg, som ein jævla feminin dott? Eg trur dette var det aller verste ho kunne ha sagt til meg, og det fekk også store konsekvensar. Jævla femidott vart hengande på meg resten av ungdomsskuletida, eg var brennmerka ...

Det var som om ho hadde planta ein kreftsvulst i meg, som vaks og spredde seg i heile kroppen, heilt til eg sjølv trudde på det ho kalla meg, heilt til eg vart den jævla femidotten ho meinte eg var. Men kvifor traff ho innertier på meg med denne krenkelsen? Kva var det i meg som gjorde at den vonde kommentaren fekk grobunn og gode vilkår til å vekse seg større?

Eg hugsar enno mi første oppleving av at det å være gut og gjere noko som vart rekna som feminint ikkje var ok. Det var ein bursdag til ein klassekamerat, eg trur det var i første klasse på barneskulen. Det var utkledningsbursdag, og eg skulle være indianar. Mamma hadde kjøpt ein fin indianarparykk til meg, med lange svarte fletter og fjøyrpynt. Eg ville eigentleg være Sølvpilen, min store indianarhelt. Eg var jo med i Sølvpilenklubben, hadde Sølvpilenlinjal, og Sølvpilen fjøyrpenn. Eg elska å lese om Sølvpilen og hans modige venn Falk, og så Månestråle då, fantastiske vakre tøffe Månestråle ...  I huset til bestemor hang det ein kjole som mamma eller ei av søstrene hennar brukte som barn, ein smaragdgrøn kjole med glitrandre mønster, ein kjole som passa meg perfekt, og vips, så gjekk eg i bursdagen som Månestråle ... Eg skjønte jo ikkje då at det var rart for ein gut å kle seg ut som ei jente ... men i bursdagen skulle eg etterkvart skjøne at det ikkje var heilt greit.

Til å byrje med gjekk det heilt fint, eg la ikkje merke til om nokon syntes det var rart ... eg syntes jo eg var så fin, og sprang rundt og leikte med dei andre i bursdagen. Det var først då ei av dei vaksne damene i bursdagen stoppa meg og lurte på kven eg var si jente, at eg stussa litt, såg ho ikkje at eg var ein gut som hadde kledt seg ut? Trudde ho eg var ei jente? ... Og det var då det byrja, plutseleg begynte dei andre gutane å rope jente til meg ... Øyvind er jente, Øyvind er jente ... Og då først skjønte eg at eg hadde dumma meg ut, at det slett ikkje var greit for ein gut å gå med kjole ... Eg vart både sint og lei meg og kasta kjolen frå meg, og det var alt som skulle til ... ertinga slutta, men eg hadde alt fått ein lærepenge ...

Var det minna frå denne bursdagen som blussa opp att etter krenkinga i klasserommet? Eg ville jo ikkje være jente, og eg ville jo absolutt ikkje være feminin, eg var jo ein gut, og hadde aldri tenkt på meg sjølv som noko anna. Bortsett frå at eg som liten aller best likte å leike med jentene i bygda framfor gutane, likte å leike med barbiedukkene til søstra mi, likte handarbeid og juleverkstad, gjekk på leikarring og ... Herregud, eg var jo femi, eg likte jo alt som var "jentete" og feminint. Summen av det heile vart altså at eg var unormal, eg var ein femi ... ein skammeleg femidott ... 

Det var til slutt så ille at eg gjekk rundt og tenkte på det heile dagen, i alle fall så lenge eg var på skulen ... Eg var så redd for å være femi, at eg til tider var stiv av skrekk. Eg ville jo ikkje være femi, eg ville være ein heilt normal gut. Det enda med at eg vart svært sjølvmedveten og livredd for å seie eller gjere noko som kunne verte oppfatta som femi, og til slutt visste eg ikkje lenger kven eg eigentleg var.

Femiskrekken vart internalisert i meg, fulgte med meg på vidaregåande og vidare i livet, og vart ei rettesnor for kven eg ikkje ville være, meir enn kven eg ville være. Og det funka jo, for rett nok var og er eg ein mjuk mann, med mjuke verdiar, men eg fekk ingen kommentarar lenger på at eg var feminin, likevel, var eg livredd for at nokon skulle avsløre meg som den femidotten eg fortsatt trudde var inni meg. 

Så kva har endra seg no? ... Kvifor skrive eg om dette? Jo, fordi sjølv etter at eg "kom ut av skapet" for nokre år sidan, var eg fortsatt livredd for å bli oppfatta som feminin. Sjølv som homo var eg svært oppteken av å framstå som veldig maskulin og å "ta avstand" frå feminine og "skrullete" menn. I møte med feminine menn vart ubehaget så stort at eg ikkje klarte å være i nærleiken av dei. Og skrekken over all skrekk var Drag Queens, eg var livredd for Drag Queens, dei var jo sjølve symbolet på menn som var alt anna enn menn. Og eg kjende på djup forrakt, angst (og ein bitteliten fasinasjon) ... Etter kvart skulle eg skjøne at denne forrakten var meir sjølvforrakt og internalisert femi-fobi enn kva eg eigentleg meinte, men så lenge mi sjølvkjensle var så låg, hadde eg ikkje mot nok til å ta tak i desse kjenslene. 

Det som måtte til var eksponeringsterapi, ei kjend terapiform for å verte kvitt fobiar ... Som når du er redd for edderkoppar, må du gradvis eksponeres for dei, til du forhåpentlegvis klarer å halde edderkoppen i handa til slutt. Ikkje at eg samanliknar Drag Queens med edderkoppar, men fobimessig fungerte det omtrent på same måte for meg. - Men eigentleg var det ikkje eksponeringsterapi som var greia, eigentleg hadde eg heile tida beundra menn og kvinner som turde være seg sjølve og hata meg sjølv for ikkje å tørre det, og Drag Queens vart på ein måte sjølve symbolet på dette for meg.  

Vendepunktet kom på ein ferie for nokre år sidan, på Fire Island, ei øy i nærleiken av New York, som er kjend som sjølvaste arnestaden for homofil og lesbisk frigjering i USA. Der var eg på ferie med ein gjeng svenskar, som alle var store fans av Drag Queens ... og gradvis byrja eg skjøne kor viktig Drag var for den homofile frigjeringa, og kor modige dei som fronta Drag var ...

Ein kveld gjekk vi på eit Dragshow, og eg vart bergtatt av det eg såg. På scena stod det som kunne vore tvillingsøstra til Tyra Banks, ho kalla seg Shaquida, var smellvakker, rappkjefta og heilt fantastisk. Eg lo så eg fekk tårer i augene, og gråt ein skvett når temaet vart alvorleg ... og det enda opp med at eg sprang opp på scena då ho var ferdig, og stappa nokre dollarsetlar i bh-en hennar, (som er det største komplimentet du kan gi) medan eg kviskra henne i øyret, at eg kom heilt frå Noreg, og syntes ho var den vakraste Drag Queenen eg nokon gong hadde sett. Med andre ord, eg var euforisk. Smart og vittig som ho var, parerte ho kommentaren min for heile publikummet og sa "I didn´t get what you just said, except something about Norway, you´re a hunk, and that you love me" ... og alle lo, og eg lo med ... 

Og inni meg var det noko som hadde løsna, nemleg frykten og angsten for å være ein femidott, og redsla for feminine menn ... for kva er eigentleg gale med å være feminin? er ikkje det ein styrke meir enn ei svakheit? ... Kven er det eigentleg som bestemmer kva du skal meine og tenke om ting? ... 

Eg må likevel fortsatt jobbe med meg sjølv ... gamle sanningar heng enno att og må bekjempast ... og kva er då betre enn meir eksponeringsterapi? Eg har nettopp oppdaga RuPaul´s Drag Race, som er eit realitykonsept for å kåre USAs neste "Drag Queen Superstar". Dette er både utfordrande og underhaldande, og aller mest, heilt fantastisk. Kva passar betre då enn å avslutte med denne videoen som er ein teaser for sesong 7.  Alt godt - Øyvind 

Kjensla av å sitte inne i eit telt som liten, medan regnet tromma på teltduken ...

- Kjensla av å være trygg, tørr og varm, med eit teppe, og ei skål med kjeks ... kanskje ein liten termos med raud saft og eit teikneserieblad ... Lykke, fullkomen lykke. Verda utanfor eksisterte ikkje, ansvar og plikter var du heilt fri for ... Det var berre deg, teltet, og regnet som tromma på teltduken ... 

Kanskje er det difor eg enno vert så trygg og roleg av å høyre regnet, difor eg alltid åpnar vindauget så lyden skal bære heilt inn i senga, inn i varmen - inn i tryggleiken. Difor eg søv ekstra godt når regnet trommar på vindauget eller taket ... Fordi det minner om kjensla av barndom, lykke, og uskuld?

- Som eg lengtar tilbake stundom, når kvardagen og vaksenlivet tek på, når eg hastar avgarde på jobb, stressar for å rekke buss eller t-bane etter at eg har levert borna i barnehagen og skulen ... Eg undrar på om det er fordi eg misunnar dei deira uskuld og bekymringsløyse, at eg vert morsk i stemma og stram i maska, når dei ikkje vil kle på seg, når dei somlar med å ta på sko og jakke. - Har eg alt gløymt at eg gjorde det same som liten? ... at mor mi nok streva like mykje med å få meg ut gjennom døra om morgonen når eg skulle på skulen? ...

Det er mogleg at eg kjenner ekstra mykje på melankolien over eigen barndom no, når jula nærmar seg, og borna gler seg, medan eg ikkje gler meg i det heile teke og tenker at jula berre er stress og mas. For dei kan ikkje dagane gå fort nok fram til julaften, for meg kan ikkje dagane gå fort nok til jula er over. Eg tek meg i det, det må kanskje ikkje være slik, det bør absolutt ikkje være slik. Kanskje var det noko som gjekk sundt då eg kom ut av skapet, og flytta ut av heimen, kanskje forsvann julestemninga i dragsuget då A4-livet brast? ... Kanskje er det på tide å finne julekjensla att, om ikkje for meg, så i alle fall for bornas skuld? ... 

Eg veit jo utan tvil at det dårlege samvitet ligg og vakar rett undar yta, fordi vi ikkje skal feire jul saman med mor deira i år, rett nok var vi ikkje saman i fjor heller, men då hadde eg ein kjærast, og var saman med han på julaften, medan borna var hos mor. I år er det omvendt, borna er hos meg, medan mor deira feirar saman med familien til sin nye sambuar. Ho klarer seg nok, men eg har samvitskvaler fordi borna ikkjer er med mor ... Eg er sjølvsagt glad for at mine foreldre får være besteforeldre for borna i jula, og eg vonar også at eg klarer å slappe av heime desse korte dagane eg skal være der, men det er krevjande å reise heim utan kjærast, krevjande å være vaksen åleine i barndomsheimen. Det er noko som er gale i balansen, ein skal jo helst være to vaksne saman når ein er hos sine foreldre. To i ein urokkeleg union, to som er allierte og som saman held råd og legg planar, som står i mot velmeinande råd og til tider kvelande omsorg. Når eg no er åleine, kjenner eg meg meir sårbar, mindre sterk ... meir einsam. Foreldre kan ikkje fylle tomrommet etter ein partner ... born kan heller ikkje det, sjølv om borna er den aller største gleda og trøysta i livet mitt. 

Likevel er det ein del av meg som lengtar heim ... Som lengtar etter kjensla av barndomens jul, som kjenner at  julekjensla og julestemninga ligg og vakar i utkanten av medvitet, akkurat utanfor rekkevidde, som kan anast og lokkast nærare av lukta av peparkaker, men som likevel ikkje lar seg fange. - Kanskje kjem denne kjensla når eg kjem heim denne gongen, kanskje kjem ho ikkje ... Men om eg klarer å gi borna den jula dei ynskjer seg og forventar, då trur eg jula i år kan bli ei god jul for meg også ... Og aller mest ønsker eg kjensla av å sitte inne i eit telt medan regnet trommar på teltduken ...

Alt godt!

Øyvind 

 

 

I morgon skal eg gjere noko modig ...

Eg skal gjere noko modig som eg ikkje hadde rekna med at eg kom til å gjere ... Sjølv om eg har fortalt historia mi på denne bloggen, og vorte intervjua i fleire medier, så har eg enno ikkje stått foran nokon som har vore eller er i same situasjon som eg var i for nokre år sidan, for å snakke om meg sjølv og mine tankar om å kome ut. Og eg må innrømme at det kjennes litt skremmande, men det er også grunnen til at eg gjer det - fordi eg er ferdig med å være feig, ferdig med å skamme meg, og ferdig med å gøyme meg bort ... 

Likevel, veit ikkje om eg gler eller gruar meg - gruar meg kanskje mest, men ingen kjenner vel historia mi betre enn meg ... så eg reknar med at det går bra ... og kryssar fingrane for at eg får sagt det eg vil - på ein måte som gir meining, meining for meg sjølv og dei som er tilstades ... 

Kva kan eg seie ... skal skrive meir om korleis dette var i etterkant :)

Alt godt - Øyvind 

Og kva passar betre enn ein video av min store helt og førebilete Nils Bech - som skriv og syng så utruleg vakkert om seg sjølv, og sine tankar, om skuld og skam.
Anbefaler hans siste album One Year på det varmaste.  

http://www.nilsbech.com 




Gå gjerne inn og lik mi Facebookside!

Tirsdag 02. desember kan du møte meg på Late Bloomer sitt arrangement: Dobbeltliv, sex og kaos?

Der vil eg snakke litt om bloggen min - og korleis det var for meg å kome ut for vener, familien, og til slutt heile Noreg ... 


Pris: Gratis
Hva: Infokveld for menn som har sex med kvinner og menn og som lever dobbeltliv eller holder sexlivet sitt skjult.
Tid: Tirsdag 2. desember kl. 18:00
Sted: Skippergata 23, 0154 Oslo

Er du en mann som har sex med kvinner og menn? Kanskje er du gift og lever heterofilt, men tenker på sex med menn?
Helseutvalget har i flere år hatt grupper og seminartilbud for menn med denne type erfaringer. Tirsdag 2. desember inviterer vi deg som er interessert i slike tilbud til infokveld i Skippergata 23, hvor du får høre mer om hva du kan delta på framover. 

Uansett hvor du befinner deg i livet er du velkommen denne kvelden, noe som betyr at din livssituasjon hva angår ekteskap, grad av åpenhet, sexliv, partnere og andre elementer ikke er viktig for å delta. På infokvelden treffer du frivillige som selv har erfaring med å leve dobbeltliv og å komme ut sent i livet.

Alle de frivillige og ansatte i Helseutvalget har taushetsplikt. Det er gratis å delta, og du trenger ikke å melde deg på.

Det blir servering av vafler og kaffe.

Kunstnerisk innslag:
«Når kjærlighet ikke er nok» er historien om hva som skjer i en familie når Arne erkjenner for seg selv, Åshild og guttene at han er homofil.
- Arne Sætherø deltar denne kvelden med innslag av høytlesing fra boka han gitt ut sammen med kona og sønnene i sin prosess med å komme ut.

Frå solfylt sommarferie til hardt møte med veggen ... og frå veggen hoppa styggen ned på ryggen ...

Siste innlegget i denne bloggen skreiv eg i byrjinga på sommarferien, livet var lett og alt såg lyst ut ...

Eg kan med handa på hjartet seie at eg ikkje har gått inn i ein ferie med slike forventningar som i år. Og sommarferien byrja då også svært bra, borna var alt på ferie med mor, så eg og kjærasten fekk nyte solfylte dagar i Oslo by, med sykkelturar til Huk og rundt omkring. Deretter tur til Sunnmøre, med besøk på Bacalao-restaurant i Ålesund i 28 C, fantastisk fjelltur med kjærasten, søster hans og hennar sambo i heimbygda mi, køyretur sørover med borna, med stopp i Grimstad og Kristiansand dyrepark, før siste etappe av ferien med borna vart avslutta på ei idyllisk hytte utanfor Stavern. ... Og i skuggen lurte styggen, han likte slett ikkje at eg hadde det så bra ...

Eg veit ikkje kva som hende eller når det byrja gå gale, men etter nokre ubehagelege samtalar og diskusjonar med kjærasten vart tvilen sådd i meg, hadde vi det eigentleg så bra som eg hadde gått rundt og trudd? ... Og tvilen fekk næring av ytterlegare hendingar som eg ikkje tenkjer å gå i detalj om, men når vi endeleg byrja siste del av ferien, hadde forholdet vårt alt fått fleire skrammer og små sår som ikkje ville gro ... 

Turen gjekk vidare til Barcelona, der vi sjekka inn på Axel Hotel, eit såkalla "heterofriendly" hotel, med for det meste skeivt klientell. Eg hadde budd der før, og hugsa det som ein bra stad midt i sentrum av byens pulserande uteliv ... Erfaringsmessig endte vi jo likevel opp på taket av dette hotellet då vi var i Barcelona sommaren 2013, då det var kjend som ein bra vorspielstad og mingleplass. Men var det ein bra stad for å take vare på kvarandre og pleie kjærleiken? ... Svaret er dessverre nei, noko som vart ei dyrekjøpt erfaring, og som eg tenkjer vart opptakta til at forholdet vart slutt nokre veker etter at vi hadde kome tilbake til Oslo. 

Og brotet gjorde vondt, svært vondt ... Oppe i det heile var det likevel ei trøyst at vi begge var einige i at det var til det beste at vi gjekk kvar til vårt, med den erkjenninga at vi hadde prøvd å få det til, men dessverre ikkje lukkast ... Vi skildes med lovnadar om at vi etterkvart skulle kunne møtast og omgås som vener, når det hadde gått lang nok tid til at det ikkje lenger var sårt å sjåast ... 

Dei neste vekene var tunge og saknet var stort, tvilen reiv og sleit i meg, og eg var slett ikkje sikker på at vi hadde teke den rette avgjerdsla, og eg veit at det var tungt for eksen også ... Tinga mine som stod att i leiligheita hans fekk stå, eg orka ikkje tanken på å dra og hente dei, og difor utsette eg det lenge. Og då eg endeleg klarte å take mot til meg for å hende dei, vart det like fult av kjensler som eg frykta. Vi gret begge ein skvett ,veksla gode ord til kvarandre, og så køyrde eg frå han og leiligheita for siste gong, med bilen full av ein sykkel, sommarklede og ein stor klump i halsen.

Og oppe i dette skulle eg halde kvardagen i gong, take vare på borna, og jobbe som normalt ... Det første var heldigvis lettare enn eg hadde frykta, tida med borna er og har alltid vore god, og eg forklarte så godt eg kunne at no var vi ikkje kjæraster lenger og at vi ikkje kom til å møte han noko meir framover. Minstemann vart lei seg og spurte mange spørsmål om kvifor, medan eldstejenta tok det meir med fatning.

Det var sannsynligvis brotet med eksen som gjorde at styggen fekk bite seg fast med vonde tankar og kjensler som gjorde meg utrygg og redd. Redd for ein alvorleg sjukdom eg allereie var utreda og friskmeldt frå. 

Lang historie kort. I fjor sommar merka eg nokre muskelrykningar i leggane medan vi var på sommarferie i Sverige. Dum som eg var googla eg muskelrykningar, og mot meg med store bokstavar lyste ALS. Og eg leste og leste, og fann ut på eiga hand at fleire av symptoma stemte. Eg gjekk til fastlegen min, som avviste det heile som svært svært usannsynleg, men eg vart ikkje beroliga, og rykningane vart verre og hyppigare. 

Så eg gjekk til ein fysioterapeut for ein sjekk. Han virka også av den oppfatninga at dette var usannsynleg, men gjorde ei undersøking likevel. Midt i undersøkinga gjekk han ut og kom inn att med ein kollega. Kollegaen gjorde same sjekken, og dei var begge samde om at eg hadde noko dei kalla clonus, ein slags overreaksjon i refleksen i beina. Dette var også eit symptom på sjukdomen eg frykta, og eg gjekk inn i ein alarmberedskap der eg var viss på at utfallet ville være katastrofalt. Eg såg for meg det aller aller verste. 

På grunn av desse funna og symptoma, vart eg så innlagd på Ullevål Sjukehus for utredning, og i 5 heile dagar gjekk eg gjennom alle moglege testar for å finne ut om det var noko gale. Skal ikkje gå i detalj om kva testane gjekk ut på, men nokon av dei var svært ubehagelege i seg sjølv. Heldigvis, ingen av testane viste noko teikn hverken til ALS eller MS, og Overlegen kunne med sikkerheit seie at då var det ikkje noko å bekymre seg for. Likevel var det noko i måten ho snakka på som ikkje gjorde meg heilt trygg, og den vesle tvilen vart liggande i bakhovudet.

Det var altså denne tvilen som blussa opp igjen no i haust, då rykningane vart både hyppigare og meir spreidde rundt i kroppen, til og med i tunga fekk eg rykningar ein dag, og då heldt eg på å gå i bakken av angst og redsle. Eg fekk rett og slett panikk, og ringde først eksen som óg er lege, og deretter ein ekspert på Rikshospitalet,  som ordna ein kontrolltime. Heldigvis gjorde både eksen og eksperten på Rikshospitalet ein god jobb med å roe meg ned umiddelbart, men styggen jobba overtid, og tankana kretsa stadig rundt den fryktelege sjukdomen. 

Dei neste vekene trente eg så mykje eg kunne, eg trente hardt og intensivt fordi når eg trente og kjende at kroppen fungerte, kjende eg meg i alle fall trygg så lenge eg var i aktivitet ... Men all treninga tok jo også på kroppen og stivheita og stølheita tolka eg også som teikn på at noko var gale ... Det vart ein vond sirkel ...

Redninga vart ein psykolog eg har gått til i ei periode for å bearbeide alle dei store endringane i livet mitt dei siste åra. Han er god på kognitiv psykologi, altså korleis tankane våre påverkar kropp og sjel. Han var ikkje i tvil om at eg var frisk, og at det var frykta i seg sjølv som gjorde at kroppen oppførte seg som den gjorde, at redsla eg kjende hadde satt kroppen i alarmberedskap, med den effekten at eg vart enda meir anspent noko som førte til sterkare og fleire muskelrykningar. Og samtalene med han har vore effektive og gode, sjølv om eg fortsatt har ein veg å gå for å slutte å bekymre meg så mykje som eg gjer. 

- Og i enden av tunellen byrja dei første solstrålane å skine inn ... mørkret og styggen fekk motstand, og han likte slett ikkje lyset som byrja skine og svi han i augene ... 

I dag var dagen for den frykta kontrollen på Rikshospitalet, frykta og etterlengta, fordi den ville gi endeleg svar på stoda, og om eg var sjuk eller ikkje ... Eg var ikkje høg i hatten då eg sat på venterommet på Riksen tidlegare i dag, men håpet var jo der også om at dette kom til å gå bra, om enn så lite det var. 

Endeleg vart det min tur, og eg fekk kle av meg for ein full fysisk sjekk av kroppen, og legen var grundig og tok seg god tid, og sjekka av den eine testen etter den andre. Rutinert som han er gav han tilbakemeldingar etterkvart om at dette var bra, og dette var slik det skulle, og det var også konklusjonen hans til slutt. Alt var i orden, og det var ingen teikn til det eg frykta. Han tok seg også god tid til å prate etter undersøkinga, og understøtta psykologens tilbakemelding om kor sterk tanken kraft var når det gjaldt påvirking av kroppen. Han sa også at han merka veldig godt kor anspent eg var, og at dette langt på veg kunne forklare dei symptoma eg hadde.

Så eg er frisk, hurra for det. Eg er så glad og så letta no, letta og sliten ... og no byrjar jobben med å overbevise kroppen og tankane mine også om at eg er frisk!
Uansett, betre beskjed kunne eg ikkje fått ein fredag ettermiddag :)

No sit eg altså i sofaen og skriv dette, drikk te og et mørk sjokolade, og i morgon ventar ein heilt ny dag, med nye moglegheiter ... fri for styggen!  

Takk til OnklP - for årets beste låt! :)

 



 

 

 

Kvifor endring gjer vondt - og kvifor aksept for tilbakesteg er ein viktig del av endringsprosessen!

Eg har fått mykje viktig lærdom dei siste månadane, ved å skrive denne bloggen, ved å utfordre meg sjølv på fleire områder, og ved å stille krav til omgjevnadane.

Nokon gongar får ein dei svara ein ynskjer når ein stiller krav, andre gongar ikkje. Dersom ein ikkje får det svaret ein ynskjer, gjeld det å ha tenkt ut ein alternativ plan, eller løysing som backup - eller BATNA - Best alternative to negotiated agreement. Dvs, å ha tenkt ut eit alternativ som er akseptabelt for ein sjølv, dersom kravet ein stiller ikkje blir møtt med den forståinga eller resultatet ein ynskjer.

Eg kjenner eg er så utrulig glad for å ha fått denne innsikta, at det faktisk er muleg å gå direkte inn for eit godt alternativ, framfor å henge seg opp i detaljar rundt det første kravet, og slik unngå vonde kjensler om å ikkje bli sett, hørt eller teken vare på. Slik går eg ut av offerrolla, og blir den sterke parten, slik kan eg gå vidare, slik kan eg kjenne meg sterk og stolt ... slik eg gjer no.

Hurra for gode tankar, hurra for sol og 31c, hurra for å tilbringe resten av dagen på stranda med kjærasten. - Og snart er det sommarferie!

Eg er klar for nye utfordringar - tilbakesteget eg opplevde var ein viktig del av prosessen, eg aksepterer det, aksepterer at endring gjer vondt, at det er ubehagelig å gå utanfor komfortsona, men at beløninga er så uendeleg mykje større når eg må jobbe litt for å løyse utfordringer ein møter.

La vita e bella! Livet er deilig, og skal nytast til fulle ... og den gode energien og lærdomen skal investerast i styrking av sjølvkjensle og verd.

God sommar til deg som har lese denne bloggen, kommentert og gitt gode tilbakemeldinger. Det betyr uendeleg mykje for meg :)

Alt godt Øyvind




 

 

Break these patterns - bryt ut av gamle mønster, ikkje hald deg sjølv nede ...

Dette innlegget skreiv eg for nokre dagar sidan, var ikkje heilt sikker på om eg skulle publisere det, men etter å ha lese gjennom det nokre gongar, kjenner eg meg nøgd med det eg har skrive ... så her kjem innlegget om å kjenne på sterke krefter ...

I kveld har eg kjent meg liten, makteslaus i møte med sterke krefter som ikkje vil det som er godt for meg, som ikkje vil løfte meg opp og fram, men tvert i mot halde meg nede ... Skal eg la desse kreftene vinne og la dei få definere korleis livet mitt skal være? Skal dei få begrense meg og mine moglegheiter for å realisere meg sjølv? Og kvifor tenker eg at så mykje kjennes håplaust akkurat i kveld? 

Det er ikkje godt å vite kor dei negative tankerekkene startar, men eg skjønar dei dukker opp når eg går utanfor komfortsona mi - som eg har gjort i dag.  

Å gå utanfor komfortsona har aktivisert gamle tankemønster, motorvegar i hjerna , som i kveld er tett trafikerte, fylte av gamle tankar om at eg ikkje er noko verdt, om at eg er ubrukeleg og udugeleg, om at eg ikkje fortjener å være lukkeleg, ikkje fortjener å bli sett eller hørt, og at ingen bryr seg om eit håplaust tilfelle som meg.

Men noko er annaleis i kveld - i kveld kjenner eg att desse tankana, i kveld skjønar eg kvifor dei dukkar opp, og ikkje minst kor dei kjem i frå ... og enda betre, eg veit at dei berre er nettopp det, skrømt frå fortida, tilbakelagte hendingar som ikkje lenger skal få definisjonsmakt i livet mitt ... I kveld forstår eg at dei sterke vonde kreftene -  er krefter som er drivne av meg sjølv - gamle mønster eg sjølv held i live ... som eg har teke inn, internalisert og gjort til mi eiga sanning ... Men eg ser dei, kjemper mot dei, tek luven av dei, ein etter ein ... eg bryt ut av dei gamle mønstera, og skapar nye med positive forteikn. 

Eg skaper nye mønstre ved å fokusere på det eg har utført i dag, kor sterk eg har vore som har gått utanfor komfortsona, holdt fokus, stilt krav, talt paven midt i mot ... bokstaveleg tala, (utan at eg vil utdjupe det meir enn akkurat det), og stått opp for meg sjølv, og for dotter mi.

Og alt heng saman - fortid blander seg med notid - og kvelden er farga av dagens hendingar ...

Dagen byrja då også med bekymringar, då dotter mi fortalte om ein gut på skulen som hadde plaga henne og ei venninne over lengre tid, som hadde erta dei og trua dei med juling. Først vart eg veldig sint på denne guten, sint for at mi vesle jente skulle grue seg til å gå på skulen og være redd for at han skulle være slem mot ho ... og ikkje minst sint på skulen og dei som jobba der, som ikkje holdt godt nok auge med elevane. Men eg skjønte raskt at å være sint ikkje var så konstruktivt i dette tilfellet, her måtte eg gjere noko konkret, og eg måtte gjere det umiddelbart for å vise dotter mi at eg tok ho på alvor

Eg lovte ho difor at eg skulle bli med ho på skulen og snakke med styraren i klassa hennar. Eg forsikra henne også om at det var veldig bra at ho fortalde meg dette, og at ingen - absolutt ingen har lov eller rett til å utsette ho for hverken mobbing eller truslar ...

(Og dette utløyste mange vonde minner frå mi eiga skuletid, om ein liten gut som vart utsatt for det eine vondare enn det andre, som var liten redd og forsvarlaus, utan at nokon såg eller gjorde noko med det. Og forsøkte eg å gjere noko med det sjølv - fekk eg svar på tiltale. Eg hugsar enno ein lærars svar i ei foreldresamtale då eg fortalte at det var mange som plaga meg: "Ja han Øyvind kan no være skarp i målet sjølv han, og han kan no erte litt han óg" ... og med det fekk eg kjensla av at eg fortjente å verte mobba og plaga, og at det var med skulens velsigning, fordi eg kunne svare skarpt, eller hadde vore med å erte sjølv.)

Og eg gjorde då også som eg hadde lova dotter mi, men det var nok ikkje det beste tidspunktet å få lufta mi bekymring på, akkurat i det klokka ringde inn og alle elevane skulle inn på skulen. men eg  fekk då nokre ord med styraren, og forklart kva som hadde hendt. Svaret hennar var at "Jo, dei kjente til denne guten, og ja han var under oppsyn" ... det gjorde meg først letta, og eg gjekk derifrå fornøgd med å ha sagt i frå ... men så slo det meg; dette var altså ein gut dei kjende til, som var under oppsyn, og likevel hadde han spelerom til å plage medelevane sine? Eg satte meg difor ned og skreiv ei bekymringsmelding til Rektor, der eg forklarte situasjonen, og at eg ville ha ei tilbakemelding på kva som var deira strategi overfor denne guten og kva for tiltak som var iverksatt ...

Svaret som kom frå skulen og rektor var mildt sagt overraskande - og ikkje minst gledeleg. Dei svarte at dei tok meldinga mi på høgste alvor og takka for at eg sa i frå, vidare at dei hadde ein strategi på å snakke både med både den som krenka, og ikkje minst den som vart krenka. Og berre det at dei brukte desse uttrykka istadenfor mobbar og mobbeoffer, det synes eg er svært positivt. Og like positivt var det at studieinnspektør hadde teke seg god tid til å snakke med dotter mi og venninna om det som hadde hendt. Dei skreiv også generelt om kva eg som forelder kunne gjere, om den uønska atferda ikkje stoppa. Eg kjende meg svært tilfreds etter å ha lese denne meldinga, og eg kjende at både dotter mi og eg sjølv vart tekne på alvor.

Eg kjende likevel eit lite stikk i magen - tenk om skulen eg gjekk på og Rektor på denne skulen hadde vore like oppmerksame og hatt så gode strategiar mot krenkande atferd då eg var liten ... Men hadde eg ikkje hatt dei erfaringane eg har, så hadde eg kanskje ikkje klart å være så handlekraftig som eg var i dag? ...

Bodskapen min i dag, er like enkel som den er komplisert! Bryt ut av dei gamle mønstra, men bruk erfaringane du har gjort deg til å gjere deg sjølv sterkare. Ikkje la gamle sanningar som ikkje er dine leve vidare ... Skap nye sanningar med positive forteikn ved å utfordre deg sjølv! 

Alt godt!

Øyvind


DMpsz5-Iyu4




Ord om takksemd! - Kva gjer vel då litt regn?

Då eg vakna i dag tidleg hølja regnet ned, eg vart umiddeltbart litt irritert på Yr, fordi dei hadde meldt sol denne dagen heile veka, og eg hadde planlagt tur i Botanisk hage med borna og kjæresten. Vanen tru, var vegen til å kommentere dette på Facebook kort. Eg tenkte ikkje vidare over at å dele gruff på denne måten, ikkje gjorde anna nytte enn at eg fekk utløp for min eigen frustrasjon utan tanke på dei som tilfeldigvis las meldinga. Godt var det difor å få ein kommentar frå ei eg har stor sans for og tillit til, at denne gongen var ho ikkje einig i det eg skreiv, og det gjorde faktisk at eg måtte tenke litt over kor konstruktivt slike meldinger eigentleg er ... Og det fekk meg også til å tenke at litt regn ikkje burde være nokon grunn til at dette skulle bli ein dårleg dag. 

Det vart difor ein roleg heimemorgon istadenfor å kome seg tidleg ut i sola, i påvente av at regnet skulle lette, og vi åt ein god frokost saman eg og borna. Så litt etterkvart kom vi oss ut og avgarde, med paraply og regnjakker, og løfter om is når vi kom fram. Forventningane til borna var det i alle fall ikkje noko å seie på, dei sprang i kapp ut døra og ned til garasjen omtrent før eg rakk å ta på meg sko og jakke ...

Det var også eit anna trekkplaster i hagen denne dagen, nemleg "Vårtreffet" der medlemmer av Botanisk hages venner solgte planter og urter som dei hadde dyrka fram i drivhusa i hagen. Dette har alltid vore eit svært populært arrangement der ein kan få tak i planter og urter som ikkje er å finne i dei vanlege gartneria. I tillegg skulle vi også sjå "Lommetørkletreet" og vi hadde enda meir å glede oss til, kjæresten min hadde invitert oss på lunsj i den nye leiligheita si. 

Vi køyrde å henta kjæresten min, og satte kursen mot Botanisk Hage. Då vi nærma oss, såg vi at oj, her var det mykje folk, og ikkje alle skulle i hagen tydelegvis fordi i dag var det også "Miniøya" ved Tøyenbadet, så parkeringsplassen var stappfull. Men er det mange biler er det også mange folk og det betydde også at sannsynlegheita for ledig parkering ganske raskt, så vi stilte oss i kø for å parkere. Og vi venta og venta, og til slutt fekk berre kjæresten ta med seg borna, slik at eg kunne ordne med parkering utan at dei måtte vente på det. Heldigvis tok det ikkje lang tid før det vart ein ledig plass rett ved der eg stod, men trur du ikkje det kom ein frekkas susande og prøvde å smette inn foran meg. Då kjende eg harmen boble og la meg på hornet heilt til vedkomande skjønte at her var det berre å flytte seg, og endeleg fekk eg parkert. Eg er ikkje typen til å hevde meg så direkte, så eg skunda meg og gjekk rett fram utan å sjå tilbake på vedkomande eg hadde tuta på.  

Inne i hagen hadde borna og kjæresten alt funne fram til Lommetørkletreet, og dei sprang rundt og vinka med lommetørklea dei hadde plukka frå treet. Treet som eigentleg heiter kinesisk duetre, har nemleg blomar med store kvite blad, som kan likne på lommetørkle, og dette treet blømer berre nokre korte veker kvart år. 

Etterpå gjekk vi nokre runder og såg på plantene, og kjøpte urter og fine blomar til balkongen, og så vart det endeleg premie på borna, is og deretter tur ned til bekken for å leike pinneleiken. Regnet var ikkje verre enn lett yr og temperaturen var fin, så sjølv om vi vart litt våte, vart vi ikkje kalde. I tillegg må eg seie at hagen faktisk er ekstra vakker når det regnar fordi då vert fargane ekstra klare og friske. 

Svoltne og nøgde satte vi oss deretter i bilen for å køyre heim til kjærasten, og det vart både eitt og to vers av "Ja vi elsker" på vegen dit. Kjæresten min er god til å lage mat, og han hadde laga ceviche, ein rett med laks, avocado og mango, der rå laks blir "kokt" i sitronlake, friskt syrlig og utrulig godt. I tillegg steike vi lammepølser som vi serverte med rødkål, og borna fekk pølser med lomper og sprøsteikt løk, og så iste då som prikken over i-en. Litt av eit festmåltid med andre ord, og det smakte nok ekstra godt etter turen ute i regnet. Deretter fekk vi dessert, is og jordbær, med sjokoladesaus - sa nokon slankekost? 

Etter nokre timar satte vi nasen heim igjen - og begge borna sovna i bilen, mette og nøgde etter dagen så langt. Vel heime, fekk også far ta seg ein høneblund medan borna fekk sjå på "Frost" den siste Disneyteiknefilmen på TV. 

Resten av kvelden gjekk som vanleg, sein middag, og tid til kos, og så leggetid, etter vant rutine. Borna var trøtte, spesielt minstemann som slokna ganske umiddelbart etter bok og song. Eldstejenta derimot, romsterte litt før ho også sovna. Eit lite ritual vi har før borna legg seg, er at eg seier tre ting som sonen min skal drømme om, og eldstejenta og eg seier tre ting vi er glade for ... slik vert starten på natta fylt med gode tankar og borna sovnar lyse til sinns.

Etter legginga var overstått, satte eg med ned med macen for å sjå om det var noko nytt på Facebook, og det som møtte meg gjorde svært sterkt inntrykk, ei barndomsvenninne sin mann med to små born hadde gått bort etter svært kort tids sjukdom. Eg nevner dette her, fordi hennar nære familie har oppretta eit minnefond for han, som skal sikre velferda til familien deira i Senegal. Det er ikkje mykje eg kan gjer for henne og familien hennar i ei så tung stund, men eg ynskjer å dele lenka til minnefondet, med von om at de som les dette vil bidra til fondet.

Eg er så takknemleg for alt det gode eg har opplevd med borna og kjæresten i dag - takksemd over å få leve, oppleve, elske og bli elska, enda meir når ein vert minna på kor skjørt livet er. - Og regn får blomane til å vekse - så kva gjer vel då litt regn?

http://www.dembasminnefond.blogspot.no

 

 

Gøyme og leite - Mørkegjemsel!

Eg sat heime i stova og såg på fjernsyn, det var ein heilt vanleg kveld i slutten av august det året eg hadde byrja i sjuande klasse på ungdomsskulen. Det ringde på døra, eg gjekk for å åpne. Det var to jenter, den eine frå litt lenger framme i bygda, og den andre jenta var nabojenta. Dei lurte på om eg ville være med og leike gøyme og leite, noko vi ofte gjorde i byggefeltet der eg budde. Eg stussa litt over at jenta frå lenger framme i bygda var der, men eg vart så glad for å verte invitert med, at eg skunda meg å kle på meg, og gjekk ut til dei andre ...

Nede i vegen i byggefeltet stod det ein gjeng med gutar og venta, gutar frå heile bygda, gutar på min eigen alder. Ingen andre jenter frå byggefeltet var der ... igjen, eg stussa litt over dette, men tenkte ikkje meir enn akkurat det at dette var litt pussig. 

 - Eg kan stå! - seier ein av gutane - ein som aldri hadde vore med på gøyme og leite før. Og slik vart det, han gjekk bort til transformatorboksa for å telle, slik det var vanleg for den som skulle finne dei som gøymde seg.

- Kom, vi går denne vegen - seier ein av dei andre gutane, også han ein som ikkje pleide være med til vanleg. I ettertid ser eg at teikna var mange på at dette ikkje var gøyme og leite slik det brukte å være ...

Heile gjengen gjekk gjennom eplehagen til ei eldre dame i nærleiken, det var mørkt i huset, og heile hagen låg i skugge. Alle gutane plukka med seg epler, så eg gjorde det same medan vi gjekk for å finne ein plass å gøyme oss. Eg trilla eit eple over skuldra på naboguten for moro skuld, han snudde seg berre og såg på meg med eit blikk eg tolka som oppgitt over påfunnet mitt, men som eg seinare skulle skjøne betydde noko anna. 

 - Vi stoppar her - sa guten som førte an, det var ved sidan av eit uthus i same hagen, og der vart heile gjengen ståande å vente ...

Brått hoppa guten som skulle finne oss fram i frå mørket, og fanga meg bakfra med eit fast grep om halsen på meg. Eg trudde først han berre tulla, og prøvde å vri meg laus medan eg lo. Det var ingenting å le av, dette var ikkje lenger ein leik ... 

Eg forstod ingenting, og vart først veldig overraska, før eg skjøna at dette var planlagt ned i minste detalj. Dei andre gutane stod i halvsirkel rundt oss, dei smilte og lo, her var det ein som skulle få gjennomgå, denne personen var meg. 

 -No skal du få igjen - seier guten. - Få igjen for kva, seier eg, eg har ikkje gjort deg noko .. Men det hadde eg tydelegvis gjort, dette var nemleg hevnen for ei episode på skulen ein eller to dagar før, då klassa hadde stått i gangen i underetasjen på skulen og venta på at læraren skulle kome før musikktimen. Eg stod og lente meg inntil ein vegg, då same person brått spente beina unna på meg, slik at eg falt bakover og slo hovudet hardt i murveggen. Då vart eg så sint på han at eg hoppa på han og reiv han over ende, og vi sloss heilt til nokon ropte at no kom læraren ...

Dette skulle han altså hevne, og så langt gjekk planen hans akkurat som den skulle ... Eg kika meg rundt, såg på dei som stod rundt meg om det var noko hjelp å få ... alle smilte og kika hånleg tilbake, dei var sjølvsagt med på planen alle saman. Dei to jentene var for lengst borte. 

Eg vart heilt paralysert, skjønte ikkje at nokon kunne gjere dette mot meg, og nekta å svare han, nekta å be om nåde. Til slutt lot eg han berre halde meg fast, eg trur eg tenkte at snart sluttar han ... snart kan eg vel få gå ... 

Men han slutta ikkje, planen hadde fleire faser, han drog meg vidare ned mot vegen, og der medan han heldt meg like fast, begynte dei andre gutane å kaste epler på meg. Eg veit ikkje kor mange epler som traff, eller kor lenge det varte, men eg hugsar smerta då epla traff meg i magen, på låra og beina. Eg beit tennene saman, eg skulle ikkje gi dei tilfredsstillelsen av å sjå meg grine, eller be om nåde.

Eg fokuserte blikket på ein av gutane som eg hadde rekna som ein ven av meg, som også var der, han kaste ikkje epler, men han gjorde ikkje noko for å hjelpe meg ... Eg kjenner enno kjensla av sviket hans og merkeleg nok, er det ei av dei kjenslene som er vondast når eg tenkjer tilbake på denne hendinga. 

Til slutt hadde dei ikkje fleire epler igjen, og han som heldt meg prøvde igjen å få meg til å snakke, men eg sa ikkje eit ord, noko som tydelegvis ikkje var ein del av planen ... så han kasta meg av all kraft utfor vegen, ned ei bratt skråning. Eg tumla nedover gjennom busker og over steinar. Men eg kom meg på beina og kraup opp att, han fanga meg igjen, kravde ei unnskyldning igjen, men eg svarte fortsatt ikkje, så han kasta meg utfor ein gong til, medan dei andre stod og kika på og lo ... Denne latteren, over audmjukinga og makta han viste overfor meg - var som underhaldning for dei ... 

Eg kravla opp skråninga igjen - leita fortvila med blikket etter hjelp, men det var heilt stille, ikkje ein bil eller nokon andre var å sjå - og å rope etter hjelp såg eg på som ei enda større audmjuking ... Og han kasta meg utfor ein tredje gong, og ropte etter meg eit eller anna eg ikkje oppfatta ... eg var heilt nummen i heile kroppen, og kjende ikkje lenger smerte.

Då eg kraup opp for tredje gong, var alle borte, og eg sprang i panikk opp igjen til huset vårt, medan tårene trilla og eg heiv etter pusten. Eg var våt, skiten og fornedra, og gjekk så stille i døra eg kunne, så ikkje pappa skulle sjå korleis eg såg ut då eg kom inn. Deretter gjekk eg rett inn på rommet mitt, låste døra, tok av meg dei skitne kleda og heiv meg på senga, medan eg helt puta foran andletet, så ikkje pappa skulle høyre hikstinga og hulkinga mi ...

Så tok eg beltet av buksa ... la det rundt halsen, medan eg stramma det, eit hakk av gongen, heilt til beltet stramma så hardt at eg ikkje fekk puste ... det var nok meir eit utslag av fortvilelse enn eit ønske om å dø, for eg slakka opp igjen beltet umiddelbart og heiv meg på senga, og der vart eg liggande heilt heilt stille ... 

Etterkvart kom pappa og banka på døra, eg svarte ikkje, han banka igjen, eg svarte ikkje. - Øyvind, kva er det, spør han frå andre sida, - ikkje noko seier eg, men sjølvsagt skjønte han at noko var gale. - Eg ville ikkje seie noko til han, dette var for vanskeleg og flaut å fortelle han ... og han spurte om mamma, som var på eit eller anna arrangement på samfunnshuset, skulle kome heim. - Ja svarte eg gråtkvalt. Og då ho kom brast det fullstending for meg ... og dei fekk servert heile historia.

No i ettertida har eg gløymt kva som hende i dagane og vekene etterpå ... eg hugsar ikkje om det fekk noko etterspel for nokon av dei som var med - Men eg ser i ettertid at ikkje berre var dette grov mobbing, det var også eit overgrep og ei svært traumatisk oppleving - og det skulle kome fleire ...

 

Instruksjonar for ein dårleg dag!

Det har gått nokre veker sidan mitt førre blogginnlegg, og det har si årsak i at eg har hatt ferie, men også at eg behøvde å ta ei lita pause frå bloggen og kvardagens kjas og mas. For å være heilt ærlig, vart det litt overveldande med all oppmerksemda eg fekk då eg starta bloggen, sjølv om det for det aller meste har vore ei positiv oppleving. Det vart nokre store steg frå nettintervju på Gaysir, via radiointervju på Norgesglasset på P1, fram til Frokost-TV på God Morgon Noreg på TV2. Og alt dette for ein som ikkje kunne rekke opp handa i timen på vidaregåande utan at orda stokka seg, og raudnen brann i kinna.

Eg har gått ein lang veg, eg er stolt av meg sjølv. 

No er ferien dessverre over, 16 fantastiske dagar, fulle av sterke inntrykk, sterke fargar, lukter og smakar. Destinasjonen var India, og for ein nordboar, er vel India så langt ein kan kome unna den norske kvardagen, på godt og på vondt. Tenkjer å skrive meir om ferien seinare, ispedd nokre bilete frå turen, fordi dette innlegget handlar mest om korleis det var å kome heim igjen.

Og vi snakkar buklanding, frå å verte oppvarta etter alle kunstens reglar, køyrd hit og dit for ein tiar, og frå å møte smilande mennesker over alt, vart det eit større kultursjokk å kome heim igjen til Noreg, enn det var å kome til India. Det er ein klisjé, men Inderane verkar både fornøgde og lukkelege, til tross for harde levekår og fattigdom. Og dei tek i mot rike turistar med åpne armer, både fordi dei kan tene godt på turistane, men mest trur eg, fordi dei er gjestfrie, åpne og nysgjerrige. Og for ein nordboar, er dette både eksotisk og sjarmerande, sjølv om vi vart bondefanga fleire gongar, sit eg igjen med eit smil om munnen, fordi det likevel var ei god og morosam oppleving. 

Det eg gleda meg aller mest til med å kome heim, var å sjå att borna, denne ferien er den lengste perioden eg har vore borte frå dei, og sjølv om vi hadde kontakt via Skype (som vart sporadisk på grunn av dårleg nettdekning) - var det å halde dei i armane igjen og gi dei ein stor kos, den beste beløninga ein pappa kan få. Og eg klagar ikkje, men overgongen frå ferie til pappakvardag vart ganske tøff, fordi no var det plutseleg berre meg og ungane - igjen. Trur det var kombinasjonen av sakn etter ferien og alle folka vi var saman med, til det å plutseleg være einsam med borna som gjorde at eg fekk ein liten nedtur. Noko som slett ikkje føltes bra, og eg fekk dårleg samvit for å føle som eg gjorde, eg følte meg utakknemleg. Det var også ein overgong med tanke på meg og kjæresten, frå å ha all verdas tid til kvarandre, vart det plutseleg ikkje tid til noko som helst. 

Han reiste vidare direkte på konferanse, og eg fekk såvidt pakka ut kofferten før eg og ungane skulle flyge til Sunnmøre i konfirmasjon, så det vart hektisk, svært hektisk for oss begge ...

Sjølv om eg grua meg litt til reisa med to små born, så gjekk reisa knirkefritt. Borna var så glade for å skulle ta fly og buss, og for å skulle sjå igjen besteforeldre og søskenbarn, og gleda deira smitta over på meg, så reisa og turen vart ein opptur, bokstavelig tala. Å gå ut av flyet på Vigra i strålande sol, kjenne den friske ramsalte sjølufta, og sjå Sunnmørsalpane i bakgrunnen - fekk hjartet mitt til å pumpe raskare, og eg kjende stor glede over å være attende på heimtraktene, og familien var så glade for å sjå borna, (og meg vonar eg) - og dei korte dagane frå laurdag til søndag gjekk unna i ekspressfart. Og det var ei god helg, godt å sjå att familien, flott å være med i konfirmasjonen til niesa mi, og godt å bli teken vare på av familien, som ellers bur så altfor langt unna. Det var også stas for borna, ikkje minst for dotter mi, som verkeleg har funne tonen med nabojenta til søster mi, og dei hang saman heile dagen både laurdagen og søndagen, og då tida for avreise kom, vart det tungt for dei å seie hadet til kvarandre. Men vi hadde allereie utarbeida ein liten plan, fordi det var første mai veka etter, og fri på skulen fredag for dotter mi, avtalte vi at ho kunne få reise opp att til Sunnmøre åleine, noko ho vart jublande glad for. Så eg bestile flybillett med klump i magen, fordi jenta mi skulle reise åleine, men ho var så roleg og bestemt at det ikkje var noko å bekymre seg for. Så onsdag fulgte eg ho til flyet på Gardermoen, og passa på at ho kom seg vel avgarde. 

Så denne helge er det berre meg og sonen som er heime, og det er godt å vite at jenta mi koser seg i lag med familien min heime, og det er godt for meg å få god tid til å ha far-son tid med minstemann. Kva anna skal eg seie enn at eg kjenner meg heldig og privilgert. Seinare i dag, er det middag hos ein kompis, og då vert også kjæresten med.

No tenker eg avslutte dette innlegget med å fortelle om inspirasjonen som gjorde at eg satte meg ned for å skrive att, og det er ein video som heiter "Instructions for a bad day", som eg gjerne vil dele med så mange som mogleg. Den handlar om at du og eg ikkje må være redde for å seie korleis vi har det, om vi har ein dårleg dag, så vit at alt kan bli betre neste dag, eller neste time. Ser du berre mørke skyer i horisonten, så skin sola eller månen alltid over skyene. Og ser du nokon som ikkje har det bra, så kan eit smil eller ei utstrakt hand, bety ein enorm forskjell for den du smiler til. Med fare for å bli heilt "Oprah Winfrey" her, så avsluttar eg no - med videoen som gav meg noko ekstra i dag - og eg vonar du får noko ut av den - også sjølv om dagen din er god i dag : 

Alt godt! 



 

 

 

 

 

Skeiv Pappa på God Morgen Norge på TV2 #godmorgennorge #tv2 #skeivpappa

Torsdag vakna eg klokka fem om morgonen ... og sjølv om eg gjorde fleire forsøk, klarte eg ikkje å få sove igjen, eg var rett og slett lys vaken. Så veldig ille var det faktisk ikkje, sidan alarmen alt stod på klokka seks, og eg hadde lagt meg tidleg kvelden før. Årsaka til at eg vakna? Fordi eg skulle til God morgen Norge hos TV2 på Karl Johan, for å snakke om livet som Skeiv Pappa, og om bloggen med same navn. Eg kjende eit snev av panikk der eg låg i senga, eg skulle faktisk site og prate om meg sjølv på TV for heile Noreg. I tillegg var det eg skulle prate om av svært privat karakter.

Dagen før, hadde eg blitt oppringt av ein blid journalist frå TV2, som hadde snappa opp eit par andre saker der eg har vore i media i den siste tida, og ho ville gjerne invitere meg med på God Morgen Norge same veka, dvs. det var eigentleg berre torsdag som kunne passe. Eg vart først veldig glad, så litt skeptisk, men så bestemte eg meg for at dette måtte eg berre gjere. Muligheita til å få dele mi historie med store delar av Noreg, kunne eg ikkje takke nei til. Det var berre ein ting eg måtte få ordna først, nemleg barnevakt sidan borna eigentleg skulle være hos meg den morgonen. Det ville rett og slette ikkje vore mogleg å få borna på skule og i barnehagen først, sidan eg skulle være hos TV2 klokka halv åtte. Og hjelpa var ikkje langt unna, som vanleg var det ikkje vanskeleg å få hjelp av mor til borna.

Det var forresten ein ting til eg måtte ordne, eg måtte sende ein e-post til læreren til eldstejenta og fortelle kva som skulle skje, i tilfellet nokon skulle kjenne meg att, eller om nokon av borna skulle sjå at det var pappaen hennar som var på TV og kome med kommentarar eller ukvemsord til ho. Dette vart også første gongen eg fortalte læraren at eg var skeiv og at eg har ein kjæreste som er ein mann, noko eg sjølvsagt burde gjort for lenge sidan. Uansett, svaret kom ganske raskt tilbake om at læraren alt hadde erfaring med skeive foreldre, så eg behøvde ikkje bekymre meg. Så då falt nok ein brikke på plass.

Eg var ikkje veldig høg i hatten då eg gjekk av banen på Stortinget og rusla nedover Karl Johan mot TV2. Då eg kom fram var sendinga alt i full gang på utsida, og det som møtte meg, må eg seie var eit svært så profesjonelt maskineri. Etter å ha venta eit par minutt i resepsjonen, vart eg møtt av ein blid produksjonsassistent, som viste meg inn i green room, tilbaud meg frokost og ba meg gjere meg klar til sminken. I løpet av eit par minutt til var eg spraya godt i andletet med airbrush, og pudra litt her og der ... noko eg ikkje akkurat kan seie eg er så vant til, så eg humra litt inni meg, og tenkte at det må vel til for å gjere meg presentabel på tv-skjermen. 

Etter kort tid vart eg henta igjen, denne gongen ned til tv-studiet og til sofaen der Vår Staude sat og venta på meg. Ho ville gjerne prate litt før sendinga, for å verte litt betre kjent, stille litt fleire spørsmål, og ikkje minst gjere meg trygg og forberedt på intervjuet og direktesendinga. Ho kunne fortelle at det dei aller fleste fortalte i etterkant, var kor fort tida gjekk, og kor lite ein eigentleg rakk å fortelle den tida innslaget varte. Og merkeleg nok, eg følte meg ikkje så nervøs som frykta, sjøl om hjartet slo litt ekstra hardt då eg så nedtellinga på skjermen og innslaget som gjekk før var på veg til avslutning. Og så var det min tur ...

Eg tenkjer at istadenfor å skrive om kva vi snakka om, så postar eg like gjerne lenka til sjølve intervjuet her. http://sumo.tv2.no/programmer/video-805566.html



Og Vår fekk rett, tida gjekk utruleg fort, og det kjentes som om vi var ferdige nesten før vi hadde byrja. Og det gjekk bra, det gjekk kjempebra, alt eg hadde frykta på førehand om at eg ikkje skulle få sagt det eg skulle, eller bli så nervøs at eg skulle få jernteppe ... det hende ikkje, tvert i mot følte eg at eg fekk sagt det eg ville, med dei orda eg ville. Eg tenker at det i stor grad handlar om kor flink Vår Staude var til å intervjue, kor presist og nøyaktig ho formulerte seg, og kor komfortabel ho fekk meg til å føle meg, samstundes kjenner eg også at eg er stolt over eigen innsats. Klapp på skuldra er ikkje noko eg er vant til å gi meg sjølv - hurra for det også!

"Det gikk jo strålende" sa Vår etter at kamera var slått av, og eg måtte berre seie meg einig. Ho vart sittande litt til for ei lita oppsummering av intervjuet og spurte litt om kva planar eg hadde meg bloggen framover, og ho sa at eg gjerne måtte kome tilbake dersom eg hadde noko meir eg ville dele med God morgen Norge. Ho skjønte kanskje på meg at eg tenkte dette var noko ho sa for å være høflig - for ho såg meg rett inn i augene og sa "Ja det mener jeg virkelig"!



Vi rakk til og med å ta ein "selfie" eller "sjølfie" før ho måtte gå vidare for å forberede neste innslag.

Så var det heile over, og det var berre å hente sakene sine, og rusle vidare til jobben, som heldigvis ikkje låg så langt unna. Eg tok meg likevel god tid, til å kjenne på sola mot andlete, kjenne på lave skuldre, og glede over at dagen hadde byrja så bra - og at det eg hadde grua meg litt for, viste seg å ikkje være noko anna enn ei veldig positiv og fin erfaring.

Då eg kom inn døra til markedsavdelinga der eg jobbar, vart eg møtt av sjefen og markedsdirektøren som med store smil ropte meg over for ei forklaring på kva det var eg hadde gjort den morgonen, nokon hadde tipsa dei om intervjuet så dei fekk heile historia om bloggen, og kvifor eg hadde byrja å skrive den. Det var berre gode ord å få då eg var ferdig med å fortelje. Etterpå då sendinga gjekk i reprise, fant sjefen fram til tv-sendinga ved hjelp av #Sumokontoen sin, og så fekk kollegaene mine også sett intervjuet saman med meg.
 
Oppturen fortsatte då eg kom heim etterpå ... i posten låg nemleg sjølvmeldinga, og det ser ut til å kome ein pen sum på konto i juni ... For ein perfekt dag!

Eg har sjølvsagt ikkje gløymt at denne bloggen har ein alvorleg undertone, at det har vore mykje vanskeleg dei siste åra, og som alle no veit eit samlivsbrot utanom det vanlege, men hovudpoenget med bloggen er også å vise og fortelje at det blir betre, og at ein sjølv er ansvarleg for å bruke erfaringane ein har fått i livet til å gjere livet betre - for seg sjølv og andre!

Alt godt!
Øyvind  

Sommaren det smalt - Noreg mista uskulden, og eg kom ut av skapet ...

Sommaren 2011 skulle bli den beste i livet mitt. Alt var lagt opp til ei lang og fin periode borte frå jobb, eg skulle nemleg ut i pappaperm og ta ferie samstundes. Ikkje mindre enn 10 veker skulle eg ha saman med sonen min, og familien. Eg gleda meg stort, og tilværet såg lyst ut ... bortsett frå ei gryande kjensle av at alt ikkje var slik det skulle inni meg, alt var ikkje slik det skulle være mellom meg og kona. I løpet av det siste svangerskapet hadde vi glidd frå kvarandre, eller om det var då eller før, det er eg ikkje lenger sikker på. Eg veit berre at det gode og varme vi hadde hatt, var i ferd med å forsvinne. Då ho byrja jobbe att, og eg tok over omsorgen for veslemann, var avstanden allereie eit faktum ...

Ei forhistorie:

Som eg skreiv i mitt første blogginnlegg, så har eg alltid visst at eg har vore tiltrukke av menn også, noko som har bekymra meg djupt, og ført til utallige timar, dagar og netter med grubling på å forstå kven eg eigentleg er. Eg var rett og slett livredd for å være homofil, så redd at det til tider lamma meg fullstendig. Eg var nær ved å fortelle det til mamma ein gong eg var skikkelig nedfor, men sjølv om ho holdt rundt meg og sa at ho var glad i meg uansett kva det var som plaga meg, så klarte eg ikkje å åpne meg. Skammen og redsla var for sterk.

Etterkvart, etter å ha lese side opp og side ned om homofili og ulike legninger, byrja det å gå opp for meg at eg kanskje heller var bifil, sidan eg tross alt hadde vore forelska i jenter fleire gongar. Det var som om noko av angsten slapp taket, sjølv om skammen var like sterk. Etter å ha slått opp med siste kjæresten våren 96, bestemte eg meg for aldri å bli saman med ei jente igjen. Eg hadde eigentleg bestemt meg for å leve einsam resten av livet. Latterlig å sjå tilbake på no, blodig alvor den gong då. 

Stor var derfor overraskelsen då eg møtte ei jente på studiet hausten etterpå, ei freidig tøff jente, som eg falt pladask for. Eg vart så glad og så letta, og tenkte at då var eg i alle fall ikkje homofil, og kanskje heller ikkje bifil. Dette føltes så lett, og så rett ... eg var redda! ... Det gjekk dessverre ikkje lang tid før eg skjønte at eg fortsatt var bifil, sjølv om eg gjorde alt eg kunne for å overbevise meg sjølv om det motsatte. Eg var så glad i denne jenta, og etter ei tid klarte eg ikkje halde det vonde inni meg lenger, så eg fortalde ho alt saman. Eg var sikker på at dette ikkje var noko vinn, at det ville være forsvinn og kroken på døra, men eg ville ikkje føre ho bak lyset, så det fekk briste eller bære. Og det bar, det bar i fleire år, ekteskap, to born, hus og hage ... alt saman det perfekte A4-liv ... heilt til det ikkje gjekk lenger ... 

Eg var altså heime i pappaperm og forholdet skranta. Eg hadde oppretta ein profil på ein nettstad som heiter Gaysir for mange år sidan for å finne andre i min situasjon, som eg kunne prate med, og lufte tankar og bekymringer med, men dette var også ein sjekkestad, og innimellom kom det meldingar frå menn som var interesserte. Eg var veldig klar på at eg kun var der for å prate, at eg var gift og ikkje var ute etter noko anna enn prat. Likevel var det ein som byrja å virke interessant, som skreiv dei retta tinga, og som eg byrja å få sansen for, som i tillegg var kjekk og tiltrekkande. Eg åpna meg opp for han, fortalte om kone og born, om situasjonen eg var i. Han ville likevel møte meg, og eg enda opp i eit kjenslemessig inferno. Å kjenne på dei forbudte og farlege tankane var først berre ein dagdraum, så vart dei ein besettelse. Sjølv om innsatsen var høg og eg hadde mykje å risikere, holdt eg kontakta med han, mot bedre vitande. Og eg vart forelska, stormande forelska. Dei neste dagane levde eg ikkje, eg eksisterte på eit minimum, eg var skrekkslagen, nummen og livredd - og all energi gjekk med på å prøve å halde maska og late som om alt var som normalt. 

Byrjinga på slutten ...

Ein kveld sende han ei melding og spurte om eg ville kome å helse på - han hadde vener over, dei sat på balkongen og grilla - det ville ikkje være farleg om eg kom - berre ein kort tur. Argumenta hans var mange, og eg klarte ikkje stå i mot ... eg visste at det var farleg, eg visste det kunne få konsekvensar, likevel tok eg sykkelkleda på, med beskjed til kona om at eg skulle sykle ein kveldstur - treningstur, slik som eg gjorde innimellom. Eg hugsar enno at kona stod på balkongen og vinka då eg sykla, medan hjartet stod i halsen på meg og pulsen gjekk i hundre og ti. Då eg runda svingen var alt eg hadde i hovudet at eg skulle møte han. Det var ein rus, eit skikkeleg adrenalinrush - og då eg endeleg kom fram etter det som føltes som ein uendeleg sykkeltur, sto han smilande og tok i mot meg, og eg satte meg på balkongen saman med han og venene hans. Det var så godt å være der, venene var hyggelige og imøtekomande, og eg klarte ikkje ta augene frå han, og sjølv om klokka gjekk klarte eg ikkje bryte opp. Eg klarte ikkje bryte opp før sola var på veg ned, og eg innsåg at eg hadde vore ute i meir enn 3-4 timar. Eg fekk panikk, og heiv meg på sykkelen og sykla heim så fort eg kunne, eg skjøna eg hadde eit forklaringsproblem, og hjerna jobba på høggir for å prøve å kome på gode grunnar til at eg kunne være så sein.

Då eg åpne døra til huset, svett og anpusten etter spurten heim, møtte kona meg i døra, redselen sto skrive i augene hennar, ho hadde sjølvsagt vore svært bekymra for at det kunne ha hendt meg noko, at eg hadde skada meg, punktert, eller at noko anna hadde skjedd. Eg hadde heller ikkje hatt med telefonen. Eg har aldri vore flink til å lyge, men prøvde meg likevel på ei desperat løgn, at eg følte meg i så bra form at eg hadde sykla fleire gongar rundt Østensjøvatnet og at eg hadde sykla rolig heim i det fine været. Eg såg på ho at ho eigentleg ikkje trudde meg, at ho såg på blikket mitt at eg ikkje fortalte sanninga, men eg trur kanskje at ho ikkje ville vite sanninga, som om ho forstod at den ville være for vond å bere. Eg gløymer ikkje det såre blikket hennar då ho gjekk tilbake til soverommet, medan eg gjekk for å dusje ... 

I dusjen brast det heilt for meg, eg knakk fullstendig saman og tårene trilla, samstundes som eg prøvde å være så stille som eg kunne så ho ikkje skulle høyre det ... eg var full av anger, men eg klarte ikkje ta meg saman, sjølv om panikken gjekk i bølger gjennom kroppen, visste eg at det ikkje var nokon veg tilbake - eg kunne ikkje lyge for ho. Eg banka på soveromsdøra og sa eg hadde noko eg måtte fortelle ...   

Igjen det skrekkslagne blikket i augene hennar, ho skalv og var på gråten, og spurte kva det var. Skjelvande gjekk vi opp i stova og satte oss på sofaen, og så la eg alle korta på borda ... Eg fortalte kor eg hadde vore, at eg hadde møtt ein mann ... Kva vi snakka om vidare den natta er for privat å dele, men då morgonen kom, var forholdet vårt over.

Dei følgande dagana kan eg faktisk ikkje hugse klart, ho reiste heim med borna og eg var igjen i Oslo, i ein tilstand eg ikkje kan beskrive som noko anna enn sjokk. Eg klarte ikkje tenke, klarte ikkje ete, klarte ikkje sove, all fornuft og rasjonell tenking var heilt fråværande, det einaste som heldt meg oppe var dei sporadiske møtene med han eg hadde falt for. 

To eller tre dagar etter, i det eg var på vei for å gå og legge meg nedpå etter ei lang søvnlaus natt, høyrde eg eit enormt kraftig drønn, og huset rista som om nokon sprengde rett i nærleiken. Eg veit at eg stussa på både lyden og ristinga, men eg var så trøytt at eg gjekk rett og la meg for å sove. Det var også mykje byggearbeid i området, så det var nærliggande å tenke at det var sprenging på ei tomt i nærleiken. Likevel, då eg vakna ein time etterpå sat kjensla av at det var noko rart med dette smellet fortsatt i kroppen, så eg gjekk for å sjå på nyheitene ... Og det som møtte meg var eit kaos og skrekkbilete utan samanlikning i norsk historie ... Bomba hadde gått av i regjeringskvartalet og det var meldt om skyting på Utøya ...

 

 

Her kommer dumme dumme dumme dum ...

Og den som synes eg er mest dum er nok eg sjølv ... Etter alle dei gode tilbakemeldingane på bloggen, og ikkje minst det som vart den store "kome ut"-posten på Facebook, så har eg surfa på ei bølgje av gode vibrasjonar, og for ein gongs skuld, vore ganske nøgd med meg sjølv. Men, og det er eit ganske stort men, hovudet mitt er ikkje programmert til å take godt nok vare på dei gode kjenslene og tankane, eg er tvert i mot ekspert på å grave meg ned i og gruble meg grøn på det minste vesle teikn på motgang, eller negativitet. For kvar reaksjon er det ein motreaksjon seiest det, og for meg så betyr det at når eg opplever noko positivt eller føler meg bra, så går det ikkje lang tid før motreaksjonen kjem ... Eg veit også kvifor ... Det er nemleg slik at dei tankane du kjenner best, og måten du taklar utfordringar på, i stor grad er basert på gamle erfaringer og ferdig oppkjørte motorvegar i hjerna di. Difor står dei gamle vonde tankana i kø for å fortelle meg at eg fortsatt er udugeleg, dum, uønska og lite verdt som menneske, og når dei får sjansen, kastar dei ut dei gode kjenslene, og tek overhand ... 

Slik var det i alle fall før ... Før eg lærte meg å kjenne att signala og lærte meg å finne måtar å stogge desse tankana på. - Likevel, av og til trenger dei gjennom forsvarsverket, som no når eg opplever svært sterke positive kjensler, så utløyser dei tilsvarande ibuande vonde sterke kjensler. Dei vekker opp gamle spøkelser og demonar, som berre eksisterer i mine eigne tankar, som berre er avtrykk frå vonde hendingar frå langt tilbake, og som ikkje lenger enkelt kan knyttast til noko konkret.

Løysinga for meg, er å gå inn i det vonde, forsøke å faktisk knytte dei til noko konkret, til hendingar, personar, eller på andre måtar gjere dei relle. Først då kan eg slåss med dei, bryte, vri og vende på dei, men med eit nytt utgansgpunkt ... den eg er i dag ... som slett ikkje lenger er den same som då. Eg har nemleg eit nytt våpen no, som er sterkare enn både hevntankar og ønske om revansj eller triumf, våpenet heiter tilgjevnad ... eg vel å tilgi ... og ved å tilgi dei som har plaga meg mest og gjort meg mest vondt, gir eg først og fremst meg sjølv ro i kropp og sjel ... for den einaste som har gått rundt med dei vonda kjenslene etter alle desse åra, det er rett og slett kun meg ... eit skikkeleg Oprah-moment med andre ord ;) ... 

For kidsa mine betyr denne lærdomen at eg kan hjelpe dei med å køyre opp sine motorvegar, gi dei støtte og styrke til å takle motgang og vonde kjensler, slik at når dei opplever noko vanskeleg, så vert den automatiske motreaksjonen at dette går an å løyse. Dersom nokon fortel dei at dei ikkje duger, vil ryggmargsrefleksen seie det motsatte og når nokon seier dei er lite verdt skal dei føle seg sterkare og meir stolte enn nokon gong før. 

Til alle som har sett meg i det siste ... og som les denne bloggen ...

Her kommer tøffe tøffe tøffe tøff ... 




 

Skuld, skam og dårleg samvit - Eit kjenslemessig #Bermudatriangel! Fanga i så sterke kjensler, er det lett å miste seg sjølv!

Dei siste dagana etter at eg begynte å skrive denne bloggen, har eg brukt mykje tid på å tenke gjennom kva eg skal skrive om neste gong, og om det eg har på hjartet kan være interessant for andre. Det har derfor vore dagar med mykje refleksjon og ettertanke, refleksjon som har gitt meg ei uventa kjensle av ro og tryggleik. Ved å reflektere over livet slik det er no, slik det har vore, og ikkje minst vegen fram til i dag, ser eg at reisa har gjort meg sterkare, meir stolt og ikkje minst modigare. Dette er gode positive kjensler, som bygger opp sjølvet. Eg kjenner eg er på ein god stad, det føles bra, og livet er godt, eg har jobba hardt - det er forjent.

Å analysere desse gode kjenslene, gjer meg også merksam på at dette ikkje er noko eg er van med, tvert i mot har eg streva med heilt andre kjensler dei siste åra. Kjensler som skuld, skam og dårleg samvit har ligge langt framme i medvitet. Dei har gjort meg handlingslamma, nummen, sliten og lei. Dei har ført til låg sjølvkjensle og sjølvtillit - og kun hatt negativ innvirkning både i møtet med andre rundt meg, men også i møtet med meg sjølv. 

Eg har vorte svært oppmerksam på at skuld, skam og dårleg samvit heng saman, som eit kjenslemessig Bermudatriangel. Kjensler, så sterke at dei overskygger alt, og set grenser for ein sjølv utan at ein er klar over det, som er sjølvutslettande og gjer ein usynleg. Å oppdage og kartlegge desse mekanismane, og å prøve å finne årsaka, er eit møysommelig detektivarbeid, men også givande og interessant, fordi når dei først er avslørt, og tvinga fram i lyset - då ser ein klart kva dei har gjort med tilværet. Troll sprekk i sola, det gjer også dei vonde kjenslene. 

Denne kartlegginga har også gjort meg oppmerksom på kva som er ibuande hos meg, og på kva som er påført meg utanifrå - og då er ikkje vegen lang til å byrje å tenke på barndomen. Anten du likar det eller ikkje, du er eit resultat av oppseding og miljøet du er vakse opp i, utan at det betyr at det som er vanskeleg for meg, kan skuldast enkeltpersonar eller hendingar. Det er summen av dei erfaringane du har gjort deg, som er grunnlaget for den du er. 

Dette var ei a-ha-oppleving for meg, både med tanke på meg sjølv, men i enno større grad med tanke på kidsa. Kjæresten min er ein veldig smart mann, han sa følgande som har blitt mi nye læresetning når det gjeld barneoppsedinga. "Barn gjer ikkje som du seier - Barn gjer det du gjer" ... Dette gjorde meg umiddelbart litt svimmel, til eg skjønte at dette faktisk er ei erkjenning eg kan bruke til noko nyttig og konstruktivt. Eg kan, ved det eg seier og gjer, være ei positiv og inspirerandre kraft for borna mine. Ved å ta tak i mine svakheiter, stå opp for meg sjølv, og sjå muligheiter framfor begrensningar, vil det faktisk gjere at kidsa mine vil lære å gjere det same. Og omvendt, dersom eg vel å være inkonsekvent, unnvikande og usikker, vil mine born kunne "arve" desse karaktertrekka, og ende opp med å slite med dei same problema eg har og har hatt. Det er så enkelt og så komplisert, men er du klar over dette, trur eg du også kan endre di eiga atferd og tankesett, noko som vil gjere livet betre for deg sjølv og dei rundt deg. 

Eg tenker vidare, at når eg no har akseptert at den eg er er summen av mine erfaringar, på godt og vondt, kan eg også legge noko av det vanskelege bak meg, skulda, skammen og det dårlege samvitet skal ikkje lenger få spele hovudrolla i livet mitt - dei skal byttast ut mot nye positive kjensler, og eg skal møte fortida med rak rygg og senka skuldre. 

Eg fekk ei veldig fin melding då eg publiserte denne bloggen, frå ei venninne av søster mi - ei påminning om dei som høyrde til i mitt "gamle liv". Det å få ei så fin melding heimanfrå gjorde utruleg godt for meg, men denne påminninga vekka også mange vonde kjensler frå det som nok var den tyngste perioda i livet mitt, nemleg dei tre åra på ungdomsskulen ... noko som er eit heilt anna kapittel, og som eg tenker å skrive meir om seinare. Grunnen til at eg nevner det no, er fordi eg takka med ei melding der eg skreiv at det var utrulig fint å få ei melding frå heimstaden eg flytta/flykta frå ... som igjen fekk meg til å tenke på Dum Dum Boys´ "Hagelangs" ... Og eg vil derfor avslutte med ei setning frå denne sangen: "Nabolaget her er fullt av skrømt, aldri flytta herfra, jeg har rømt - Jeg var en annen dengang da ...

Alt godt! 




 

Stolt - og ikkje så reint lite overvelda! Takk for alle gode meldinger!

Eg hadde ærlig talt ikkje planlagt at den første posten eg skreiv i bloggen i går kveld skulle være ein "kome ut av skapet"-post. Likevel då eg posta lenka til bloggen min #Skeivpappa på Facebooksida mi var det akkurat det som hende. I heile dag har eg fått mange varme og gode helsingar, frå #familie, #vener og #bekjente. Alle skriv dei det same, gratulerer med å kome ut av skapet, gratulerer med bloggen, og lykke til vidare. Eg er så stolt og glad for alle meldingene, dei varmar og gir meg kjensla av å bli sett og anerkjent. Igjen, eg hadde ikkje forventa ein slik respons, så eg vil berre få takke alle saman.

Dagen byrja ellers ganske så normalt, det vil seie eg hadde faktisk gløymt å setje på vekking på telefonen min, så det som redda meg frå å forsove meg, var ei fin melding som tikka inn på min #Messenger og vekte meg med eit lite pling. Det var ei melding frå ein bekjent som hadde lese bloggen, og som takka for at eg hadde skrive den. For ein fin måte å bli vekt på. Like etterpå høyrde eg lydar av små føter som tassa i gangen, det var minstemann som var vaken. Like etter kika ein blid liten tass inn soveromsdøra, og sa som han pleier "Nå er det god morgen ute Pappa". Han hoppa deretter opp i senga og gav meg ein kjempegod kos, før han spratt ut att like fort for å skru på lyset i gangen og stova.

Vi har faste morgenrutiner for å rekke skule, barnehage og jobb. minstemann som er først vaken får lov til å vekke storesøster, medan eg lagar til frokost. Den siste tida har havregraut med smør, sukker og litt kanel vore populært. Deretter er det påkledning, vask av andlet og børsting av hår, og så får dei sjå litt på barne-tv som beløning. Den vesle tida dei ser tv, benyttar eg godt, til ein rask dusj, og så er det ut og avgarde.

Turnusen vi har med borna er slik at den eine veka har eg dei tre dagar, og den andre veka 4, noko som betyr at dei dagane mor hentar på skule og barnehage, kjem eg heim til tomt hus etter jobb. Det er både vemodig og litt fint å kome heim og sjå spor etter den travle morgonen, leiker som ligg rund omkring, og glas og grautbollar som står på bordet. Eg har lært å setje stor pris på dei stille timane eg har for meg sjølv i heimen når ungane er hos mor. Då får eg tid til å rydde og pusle, senke skuldrane og puste ut og alle dei små spora eg finn betyr at borna er tilstades sjølv når dei ikkje er her.

Eg kom over ein utruleg vakker film som eg vil dele, laga av ein deltidspappa - som viser kjærleiken ein far har til sine born, om vemod og savn, men også takksemd og glede. Filmen traff meg midt i hjartet, og eg trur alle foreldre, heiltids- eller deltids vil kjenne seg igjen i det han beskriver ... for eigentleg er vi alle foreldre på fulltid uansett kor mange dagar eller timar samværet er fordelt i veka.

Alt godt! 

 

 



Skeiv Pappa - "It gets better"

Velkomen til bloggen min som eg har valt å kalle for #Skeiv #Pappa. 

Ja eg er skeiv, og ja eg er pappa. Å være skeiv er noko som for meg betyr at eg befinner meg ein eller annan stad på ein glidende overgang mellom hetero, og homo ... Å være pappa, er noko som betyr akkurat det same for meg som for alle andre. Eg er 100% pappa, med 100% kjærleik og omsorg for borna, eller kidsa som eg kallar dei. Borna mine bor hos meg halvparten av tida, og den andre halvparten hos mamma.

For snart 3 år sidan vart heile verda snudd på hovudet. Etter 14 års #kjæresteforhold og nokre års #ekteskap, vart eg forelska i ein mann! Det kom som lyn frå klar himmel, sjølv om eg alltid har visst at eg har vore tiltrukke av menn også. Likevel hadde eg absolutt ikkje forestilt meg at noko så dramatisk kunne skje. I løpet av nokre korte sommardager i 2011 vart heile livet forandra - eg mista så og seie hovudet, og grunnen gynga under føtene ... A4-tilværelsen med kone, hus og born slo sprekkar, og falt saman ...

No, snart 3 år etterpå, har tilværelsen normalisert seg - brikkene har falt på plass ein etter ein ... og det er derfor først no at eg kan sette meg ned og sjå tilbake på alt som har hendt dei siste åra, og dele noko av det eg har vore gjennom.

Eg håper at ved å dele mine erfaringer, gleder og sorger, men også interesser, så kan det gjere noko bra for andre som er eller har vore i same situasjon som meg, og kanskje kan eg også inspirere på andre områder.

Det første eg vil dele, er ein video som vart laga som ein del av ein kampanje i USA for 3 år sidan, som handlar om at ja, det kan vært tøft å ta steget ut av skapet, og ja, det kan være vanskeleg i tida etter, men når den første stormen har lagt seg, vil brikkene falle på plass - Og det blir betre!

Eg håper du vil følge meg og bloggen min - og sjå at det å være skeiv, først og fremst handlar om å kunne elske den ein elsker - og om å skape eit liv som er fullt og heilt.

Sjå videoen under - og del den med venner og bekjente, kanskje når du nokon som sliter og som kan finne håp og trøst.

Helsing fra Øyvind




 

Les mer i arkivet » Oktober 2016 » Juli 2016 » Mars 2016
Skeiv Pappa

Skeiv Pappa

41, Oslo

Skeiv Pappa, med to born frå eit tidligare heterofilt ekteskap. Kom ut av skapet i voksen alder. I denne bloggen vil eg dele tankar og hendingar frå mitt "nye liv" - om korleis det er å starte på nytt i voksen alder og kva det innebærer av sorger og gleder.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits