Her kommer dumme dumme dumme dum ...

Og den som synes eg er mest dum er nok eg sjølv ... Etter alle dei gode tilbakemeldingane på bloggen, og ikkje minst det som vart den store "kome ut"-posten på Facebook, så har eg surfa på ei bølgje av gode vibrasjonar, og for ein gongs skuld, vore ganske nøgd med meg sjølv. Men, og det er eit ganske stort men, hovudet mitt er ikkje programmert til å take godt nok vare på dei gode kjenslene og tankane, eg er tvert i mot ekspert på å grave meg ned i og gruble meg grøn på det minste vesle teikn på motgang, eller negativitet. For kvar reaksjon er det ein motreaksjon seiest det, og for meg så betyr det at når eg opplever noko positivt eller føler meg bra, så går det ikkje lang tid før motreaksjonen kjem ... Eg veit også kvifor ... Det er nemleg slik at dei tankane du kjenner best, og måten du taklar utfordringar på, i stor grad er basert på gamle erfaringer og ferdig oppkjørte motorvegar i hjerna di. Difor står dei gamle vonde tankana i kø for å fortelle meg at eg fortsatt er udugeleg, dum, uønska og lite verdt som menneske, og når dei får sjansen, kastar dei ut dei gode kjenslene, og tek overhand ... 

Slik var det i alle fall før ... Før eg lærte meg å kjenne att signala og lærte meg å finne måtar å stogge desse tankana på. - Likevel, av og til trenger dei gjennom forsvarsverket, som no når eg opplever svært sterke positive kjensler, så utløyser dei tilsvarande ibuande vonde sterke kjensler. Dei vekker opp gamle spøkelser og demonar, som berre eksisterer i mine eigne tankar, som berre er avtrykk frå vonde hendingar frå langt tilbake, og som ikkje lenger enkelt kan knyttast til noko konkret.

Løysinga for meg, er å gå inn i det vonde, forsøke å faktisk knytte dei til noko konkret, til hendingar, personar, eller på andre måtar gjere dei relle. Først då kan eg slåss med dei, bryte, vri og vende på dei, men med eit nytt utgansgpunkt ... den eg er i dag ... som slett ikkje lenger er den same som då. Eg har nemleg eit nytt våpen no, som er sterkare enn både hevntankar og ønske om revansj eller triumf, våpenet heiter tilgjevnad ... eg vel å tilgi ... og ved å tilgi dei som har plaga meg mest og gjort meg mest vondt, gir eg først og fremst meg sjølv ro i kropp og sjel ... for den einaste som har gått rundt med dei vonda kjenslene etter alle desse åra, det er rett og slett kun meg ... eit skikkeleg Oprah-moment med andre ord ;) ... 

For kidsa mine betyr denne lærdomen at eg kan hjelpe dei med å køyre opp sine motorvegar, gi dei støtte og styrke til å takle motgang og vonde kjensler, slik at når dei opplever noko vanskeleg, så vert den automatiske motreaksjonen at dette går an å løyse. Dersom nokon fortel dei at dei ikkje duger, vil ryggmargsrefleksen seie det motsatte og når nokon seier dei er lite verdt skal dei føle seg sterkare og meir stolte enn nokon gong før. 

Til alle som har sett meg i det siste ... og som les denne bloggen ...

Her kommer tøffe tøffe tøffe tøff ... 




 

2 kommentarer

George

03.04.2014 kl.12:17

Hei, så intervjuet med deg på Godmorgen Norge i dag, og det fikk meg til å lese bloggen din.

Syns du skriver mye bra om det å være forelder generelt, ikke nødvendigvis bare for skeive.

Jeg er hetero og gift med barn, og har ingen skap å komme ut av, men syns du har mange fine betraktninger om småbarnslivet. Jeg var også i barndommen en slik "her kommer dumme dumm" gutt. I de siste 10-15 år har har jeg begynt å heve meg over det. Men merker fortsatt at de vonde gamle følelsene kommer i ulike situasjoner. Din blogg har gitt meg inspirasjon til å tenke over hvordan mine barn tar etter det jeg gjør, og håper de unngår de problemer jeg hadde i barndommen. Jeg skal bli flinkere til å ta vare på nuet. Filmen du postet under et av dine innlegg med single dad, traff midt i hjertet og er virkelig til ettertanke for foreldre i ekteskap også. Du er en inspirasjon til at jeg skal fortsette å dyrke hver dag og være et forbilde for barna mine. Jeg var også en annen den gang da, og han skal ikke komme tilbake.

Gleder meg til å fortsette å følge dine innlegg og livserfaringer. Her kommer tøffe tøff:-)

-Mann, 36

Skeiv Pappa

03.04.2014 kl.14:02

George:

Hei George, eg må seie at eg vart utrulig glad for meldinga frå deg, kjenner eg vart reint rørt.
Så fint at du som hetero småbarnsfar finn meining i det eg skriv :)

Målet med denne bloggen er at den for det meste skal handle om småbarnslivet, litt om livet som skeiv, men også litt om livet generelt ... Fordi alt heng saman, har du det ikkje godt med deg sjølv, er det vanskelig å være eit godt førebilete for andre, ikkje minst for borna.

Vi er i det heile produkter av dei erfaringane vi har gjort oss i livet, på godt og vondt. Men klarer du å bruke dei vonde, for å gjere livet betre for deg sjølv og andre - ja då har du fått verdifull innsikt og livsvisdom, noko som også kan hjelpe deg å tilgi og forsonast med det som har hendt i fortida.

Eg vil gjerne dele meldinga di på facebooksida mi også - http://facebook.com/skeivpappa, takk igjen!

Alt godt!

Øyvind

Skriv en ny kommentar

Skeiv Pappa

Skeiv Pappa

39, Oslo

Skeiv Pappa, med to born frå eit tidligare heterofilt ekteskap. Kom ut av skapet i voksen alder. I denne bloggen vil eg dele tankar og hendingar frå mitt "nye liv" - om korleis det er å starte på nytt i voksen alder og kva det innebærer av sorger og gleder.

Kategorier

Arkiv

hits