Sommaren det smalt - Noreg mista uskulden, og eg kom ut av skapet ...

Sommaren 2011 skulle bli den beste i livet mitt. Alt var lagt opp til ei lang og fin periode borte frå jobb, eg skulle nemleg ut i pappaperm og ta ferie samstundes. Ikkje mindre enn 10 veker skulle eg ha saman med sonen min, og familien. Eg gleda meg stort, og tilværet såg lyst ut ... bortsett frå ei gryande kjensle av at alt ikkje var slik det skulle inni meg, alt var ikkje slik det skulle være mellom meg og kona. I løpet av det siste svangerskapet hadde vi glidd frå kvarandre, eller om det var då eller før, det er eg ikkje lenger sikker på. Eg veit berre at det gode og varme vi hadde hatt, var i ferd med å forsvinne. Då ho byrja jobbe att, og eg tok over omsorgen for veslemann, var avstanden allereie eit faktum ...

Ei forhistorie:

Som eg skreiv i mitt første blogginnlegg, så har eg alltid visst at eg har vore tiltrukke av menn også, noko som har bekymra meg djupt, og ført til utallige timar, dagar og netter med grubling på å forstå kven eg eigentleg er. Eg var rett og slett livredd for å være homofil, så redd at det til tider lamma meg fullstendig. Eg var nær ved å fortelle det til mamma ein gong eg var skikkelig nedfor, men sjølv om ho holdt rundt meg og sa at ho var glad i meg uansett kva det var som plaga meg, så klarte eg ikkje å åpne meg. Skammen og redsla var for sterk.

Etterkvart, etter å ha lese side opp og side ned om homofili og ulike legninger, byrja det å gå opp for meg at eg kanskje heller var bifil, sidan eg tross alt hadde vore forelska i jenter fleire gongar. Det var som om noko av angsten slapp taket, sjølv om skammen var like sterk. Etter å ha slått opp med siste kjæresten våren 96, bestemte eg meg for aldri å bli saman med ei jente igjen. Eg hadde eigentleg bestemt meg for å leve einsam resten av livet. Latterlig å sjå tilbake på no, blodig alvor den gong då. 

Stor var derfor overraskelsen då eg møtte ei jente på studiet hausten etterpå, ei freidig tøff jente, som eg falt pladask for. Eg vart så glad og så letta, og tenkte at då var eg i alle fall ikkje homofil, og kanskje heller ikkje bifil. Dette føltes så lett, og så rett ... eg var redda! ... Det gjekk dessverre ikkje lang tid før eg skjønte at eg fortsatt var bifil, sjølv om eg gjorde alt eg kunne for å overbevise meg sjølv om det motsatte. Eg var så glad i denne jenta, og etter ei tid klarte eg ikkje halde det vonde inni meg lenger, så eg fortalde ho alt saman. Eg var sikker på at dette ikkje var noko vinn, at det ville være forsvinn og kroken på døra, men eg ville ikkje føre ho bak lyset, så det fekk briste eller bære. Og det bar, det bar i fleire år, ekteskap, to born, hus og hage ... alt saman det perfekte A4-liv ... heilt til det ikkje gjekk lenger ... 

Eg var altså heime i pappaperm og forholdet skranta. Eg hadde oppretta ein profil på ein nettstad som heiter Gaysir for mange år sidan for å finne andre i min situasjon, som eg kunne prate med, og lufte tankar og bekymringer med, men dette var også ein sjekkestad, og innimellom kom det meldingar frå menn som var interesserte. Eg var veldig klar på at eg kun var der for å prate, at eg var gift og ikkje var ute etter noko anna enn prat. Likevel var det ein som byrja å virke interessant, som skreiv dei retta tinga, og som eg byrja å få sansen for, som i tillegg var kjekk og tiltrekkande. Eg åpna meg opp for han, fortalte om kone og born, om situasjonen eg var i. Han ville likevel møte meg, og eg enda opp i eit kjenslemessig inferno. Å kjenne på dei forbudte og farlege tankane var først berre ein dagdraum, så vart dei ein besettelse. Sjølv om innsatsen var høg og eg hadde mykje å risikere, holdt eg kontakta med han, mot bedre vitande. Og eg vart forelska, stormande forelska. Dei neste dagane levde eg ikkje, eg eksisterte på eit minimum, eg var skrekkslagen, nummen og livredd - og all energi gjekk med på å prøve å halde maska og late som om alt var som normalt. 

Byrjinga på slutten ...

Ein kveld sende han ei melding og spurte om eg ville kome å helse på - han hadde vener over, dei sat på balkongen og grilla - det ville ikkje være farleg om eg kom - berre ein kort tur. Argumenta hans var mange, og eg klarte ikkje stå i mot ... eg visste at det var farleg, eg visste det kunne få konsekvensar, likevel tok eg sykkelkleda på, med beskjed til kona om at eg skulle sykle ein kveldstur - treningstur, slik som eg gjorde innimellom. Eg hugsar enno at kona stod på balkongen og vinka då eg sykla, medan hjartet stod i halsen på meg og pulsen gjekk i hundre og ti. Då eg runda svingen var alt eg hadde i hovudet at eg skulle møte han. Det var ein rus, eit skikkeleg adrenalinrush - og då eg endeleg kom fram etter det som føltes som ein uendeleg sykkeltur, sto han smilande og tok i mot meg, og eg satte meg på balkongen saman med han og venene hans. Det var så godt å være der, venene var hyggelige og imøtekomande, og eg klarte ikkje ta augene frå han, og sjølv om klokka gjekk klarte eg ikkje bryte opp. Eg klarte ikkje bryte opp før sola var på veg ned, og eg innsåg at eg hadde vore ute i meir enn 3-4 timar. Eg fekk panikk, og heiv meg på sykkelen og sykla heim så fort eg kunne, eg skjøna eg hadde eit forklaringsproblem, og hjerna jobba på høggir for å prøve å kome på gode grunnar til at eg kunne være så sein.

Då eg åpne døra til huset, svett og anpusten etter spurten heim, møtte kona meg i døra, redselen sto skrive i augene hennar, ho hadde sjølvsagt vore svært bekymra for at det kunne ha hendt meg noko, at eg hadde skada meg, punktert, eller at noko anna hadde skjedd. Eg hadde heller ikkje hatt med telefonen. Eg har aldri vore flink til å lyge, men prøvde meg likevel på ei desperat løgn, at eg følte meg i så bra form at eg hadde sykla fleire gongar rundt Østensjøvatnet og at eg hadde sykla rolig heim i det fine været. Eg såg på ho at ho eigentleg ikkje trudde meg, at ho såg på blikket mitt at eg ikkje fortalte sanninga, men eg trur kanskje at ho ikkje ville vite sanninga, som om ho forstod at den ville være for vond å bere. Eg gløymer ikkje det såre blikket hennar då ho gjekk tilbake til soverommet, medan eg gjekk for å dusje ... 

I dusjen brast det heilt for meg, eg knakk fullstendig saman og tårene trilla, samstundes som eg prøvde å være så stille som eg kunne så ho ikkje skulle høyre det ... eg var full av anger, men eg klarte ikkje ta meg saman, sjølv om panikken gjekk i bølger gjennom kroppen, visste eg at det ikkje var nokon veg tilbake - eg kunne ikkje lyge for ho. Eg banka på soveromsdøra og sa eg hadde noko eg måtte fortelle ...   

Igjen det skrekkslagne blikket i augene hennar, ho skalv og var på gråten, og spurte kva det var. Skjelvande gjekk vi opp i stova og satte oss på sofaen, og så la eg alle korta på borda ... Eg fortalte kor eg hadde vore, at eg hadde møtt ein mann ... Kva vi snakka om vidare den natta er for privat å dele, men då morgonen kom, var forholdet vårt over.

Dei følgande dagana kan eg faktisk ikkje hugse klart, ho reiste heim med borna og eg var igjen i Oslo, i ein tilstand eg ikkje kan beskrive som noko anna enn sjokk. Eg klarte ikkje tenke, klarte ikkje ete, klarte ikkje sove, all fornuft og rasjonell tenking var heilt fråværande, det einaste som heldt meg oppe var dei sporadiske møtene med han eg hadde falt for. 

To eller tre dagar etter, i det eg var på vei for å gå og legge meg nedpå etter ei lang søvnlaus natt, høyrde eg eit enormt kraftig drønn, og huset rista som om nokon sprengde rett i nærleiken. Eg veit at eg stussa på både lyden og ristinga, men eg var så trøytt at eg gjekk rett og la meg for å sove. Det var også mykje byggearbeid i området, så det var nærliggande å tenke at det var sprenging på ei tomt i nærleiken. Likevel, då eg vakna ein time etterpå sat kjensla av at det var noko rart med dette smellet fortsatt i kroppen, så eg gjekk for å sjå på nyheitene ... Og det som møtte meg var eit kaos og skrekkbilete utan samanlikning i norsk historie ... Bomba hadde gått av i regjeringskvartalet og det var meldt om skyting på Utøya ...

 

 

54 kommentarer

Lena

24.03.2014 kl.15:14

Du skriver fantastisk...jeg blir helt rørt av å lese...sender deg en god klem:-)

Skeiv Pappa

24.03.2014 kl.15:19

Lena: Tusen takk - det er både godt og vondt å skrive om alt som har skjedd de siste årene, men kjenner det er mest godt å endelig kunne sette ord på alle følelsene som er og har vært i sving :)

Kajsen

24.03.2014 kl.15:26

Du skriver alldeles nydelig, og får ei jente på 16 rørt... Ønsker deg en god uke videre, og sender en klem!!

Lena

24.03.2014 kl.15:30

Ja,det er noe utløsende å sette ord på vanskelige ting...er selv i en situasjon som gjør at jeg står ovenfor en stor utfordring,ikke det samme som deg,men dog vanskelig.

Synes du er tøff jeg:-) selv er jeg mamma til 2 gutter og virker som du er en super pappa:-)

Skeiv Pappa

24.03.2014 kl.15:32

Kajsen: Takk - for en fin tilbakemelding og for hyggelig hilsen. Ønsker deg ei fin veke også :)

Skeiv Pappa

24.03.2014 kl.15:33

Lena: Hei igjen! - Utfordringer kan være tøffe å møte - ikkje minst åleine, så har du nokon du kan dele med, så vert det kanskje litt lettare! :)

Skeiv Pappa

24.03.2014 kl.15:35

Lena: Gi gjerne beskjed om du ikkje vil dette skal ligge åpent på bloggen så tek eg det bort :)

Lena

24.03.2014 kl.16:14

Ja jeg er nok helt alene...slik er det nå bare,jeg overlever:-)

Skeiv Pappa

24.03.2014 kl.16:19

Lena: det tenkte eg også :)

Lena

24.03.2014 kl.16:25

Men over til no anna...vakre bilder da du...:-) kunst liker du?

Lena

24.03.2014 kl.16:52

Tror du at alt er til for å deles?

Skeiv Pappa

24.03.2014 kl.17:00

Lena: absolutt glad i kunst :)

Skeiv Pappa

24.03.2014 kl.17:01

Lena: Eg trur ikkje alt er til for å deles, men mykje som er vondt kan bli betre av å delast - det kjem sjølvsagt heilt an på situasjonen :)

Lena

24.03.2014 kl.17:02

Ja,var veldig flotte bilder i alle fall:-)

linda Nordli

24.03.2014 kl.23:53

jeg blir så rørt av måten du skriver på. Du må skrive en bok :-) jeg skal følge bloggen din videre

Skeiv Pappa

24.03.2014 kl.23:56

linda Nordli: Takk - tusen takk! Eg har lyst å skrive bok, så vi får sjå om det kan bli verkelegt :)

cuskima

25.03.2014 kl.00:00

for en historie og for en merkelig sammenfalling av events likssom.

Ønsker deg absolutt alt godt og eg vet at når du er ærlig med degselv så vil ting fall mer på plass <3

Skeiv Pappa

25.03.2014 kl.00:03

cuskima: Hei! Takk for hyggeleg helsing! Den sommaren kan ikkje beskrivast godt nok med ord - eg var i mitt eige private helvete, medan heile Noreg sørga. Skal skrive meir om det seinare, men ja - intenst og merkeleg ... og takk og lov at det vert betre :)

cuskima

25.03.2014 kl.00:05

Bare hyggelig :)

Eg tror ikkje på Helvete etter døden, eg tror mange av oss opplever det tidsnok lenge før vi dør, eller hva mener du?

22 juli var en spesiell dag på alle måter og verden som vi kjenner den ble endret og for deg handlet dette både om degselv og hele Norge samtidig

Veldig spesielt!

Skeiv Pappa

25.03.2014 kl.00:09

Gine :3: Hei Gine! Takk for fin tilbakemelding! Eg føler verkeleg at du skjønar meg, at det ikkje er mogleg å fortelle seg sjølv kva ein vil være ... det kan gå i perioder, men tek frykteleg mykje energi, og det tek også bort energien og fokuset ein behøver for å leve eit liv som er godt for ein sjølv. Og klarer ein ikkje være glad i seg sjølv slik ein er ... er det ikkje så lett å være ukritisk og glad i andre heller. : ) ... vanskeleg å svare deg utan å publisere det du også skreiv, vil du være anonym slettar eg kommentaren din frå bloggen min :)

Skeiv bestefar

25.03.2014 kl.10:03

Du setter gode og viktige ord på følelser mange deler med deg. Denne bloggen er superviktig!

LateBloomers.no

25.03.2014 kl.10:07

En helt spesiell hilsen fra oss i LateBloomers.no.

Denne bloggen kan åpne dører for mange!

Skeiv Pappa

25.03.2014 kl.10:59

LateBloomers.no: takk for hyggelig helsing, og for promotering av bloggen :)

jay2kay

26.03.2014 kl.16:16

<3 <3 <3 <3

lykke til videre.....

Skeiv Pappa

26.03.2014 kl.23:55

jay2kay: Tusen takk :)

Noen

01.04.2014 kl.18:49

Jeg synes det er litt galt fokus her. Det fremstilles som om du er homofil som endelig har fått lov til å forelske deg i en mann. Men jeg oppfatter det slik at du er bifil, og det som har skjedd er at du har forelsket deg i en annen og forlatt partneren og barna dine. Det er ikke en solskinnshistorie, det er bare trist. For all del, jeg støtter deg fullt ut i å få lov til å ha et forhold til en mann, men du er ikke en homofil som har vært fanget i et heterofilt forhold slik jeg oppfatter det. Tar jeg feil? Folk forelsker seg i andre og forlater familien sin hele tiden, men blir litt rart å skrive støtteerklæringer..

Skeiv Pappa

01.04.2014 kl.19:43

Noen: Hei til deg Anonym!

Eg vil gjerne gi deg eit godt svar fordi du tok deg bryet med å skrive til meg. Du har sjølvsagt rett til å ha di eiga subjektive meining om mi historie, og kva/kven eg er. Men eg vil ikkje vil la din teori om kva mi historie dreier seg om, stå uimotsagt!

Dette er ikkje ei solskinshistorie om å forlate ektefelle og born, tvert i mot. Det eg fortel er ei historie om kor vanskeleg det har vore å leve eit liv med fortrengde kjensler, eit liv prega av skuld og skam og redsle for å være homofil, om redsle for å miste kone og born, venar og familie, og om kor godt livet har blitt etter at eg "kom ut av skapet".

Om eg anser meg som bi- eller homofil no, er eigentleg ikkje relevant, fordi det vil ikkje forandre noko som har skjedd i fortida, men eg er ikkje lenger redd for å være homofil, og det åpnar opp for at eg kan finne ut kva eg eigentleg er.

Eg har forresten ikkje forlatt borna mine, vi har delt foreldrerett - og eg gler meg all den tida eg får være saman med borna.

Takk forresten for innspelet ditt, det er også viktig med kritiske røster, og ikkje berre heiarop, og du gjer meg enda sikrare på at det er viktig å dele historia mi med andre.

Alt godt!

Øyvind

Elisa

01.04.2014 kl.19:54

Jeg opplevde nesten identisk det samme som deg. Og det er virkelig et lite helvete man går igjennom. Det var en tung belastningen å gå rundt med to følelsesmessige ytterpunkter i kroppen, dypt forelsket og dypt fortvilt. Konstant dårlig samvittighet overfor barna og det faktum at man har mislyktes. Men på samme tid var det ingen vei utenom, jeg hadde ikke lenger noe valg.

Det var rart å lese om ting jeg selv har opplevd og følt med andre sine ord. Ble nesten litt satt ut, særlig siden det ikke er noe jeg snakker med andre om. :-)

Ønsker deg alt godt. Fortsett å skriv du, så blir nok jeg å følge med :-)

Skeiv Pappa

01.04.2014 kl.20:08

Elisa: Hei Elisa, tusen takk for di varme tilbakemelding, det gjer veldig godt å lese at andre som deg, kan kjenne seg igjen i det eg skriv, samstundes som eg også føler med deg og det du har gått gjennom. Du beskriver det så godt sjølv, det er verkeleg eit helvete, lite eller stort å være så forelska og fortvila samstundes, spesielt med tanke på borna og korleis det vil påverke deira liv, noko eg trur det er vanskeleg å skjøne for folk som ikkje har opplevd det sjølv.

Eg hadde også problemer med å åpne meg og snakke med andre om noko som var så tungt og privat, men no opplever eg kor godt det er å skrive om det, kor godt det er å snakke om det, og kor godt det er med bekreftelse på at eg ikkje er åleine med desse kjenslene.

Eg vonar verkeleg at du også har landa på ein god stad, slik som meg.

Alt godt!

Øyvind

Beth

01.04.2014 kl.20:20

Det skal nok mye mot og mange runder med seg selv for å innse sannheten som jeg føler du gjorde. Og kanskje en sånn "dråpen som får begeret til å renne over". Du er tøff og jeg er så glad for at vi lever i et samfunn nå hvor homofili er bedre motatt enn det har vært!

Lykke til videre!

Skeiv Pappa

01.04.2014 kl.20:32

Beth: Takk Beth for fin tilbakemelding, eg har heilt klart gått svært mange runder med meg sjølv for å prøve å forstå kven eg eigentleg er, og det veldig godt beskrive av deg, det er til slutt dråpen som får begeret til å renne over ... som er katalysatoren som framtvinger endring.

Du har også rett i at vi er heldige som lever i eit samfunn der dei fleste aksepterer homofili, men dessverre går det i motsatt retning andre stadar i verda, også i våre naboland, med stadig innskrenking i menneskerettar for homofile. Desto viktigare at vi som har moglegheit til det, jobbar aktivt med å protestere mot desse innskrenkingane. For oss er det heilt absurd at ein kan få dødsstraff for å elske ein av same kjønn, mens det er den grusomme realiteten i fleire land i verda.

Alt godt!

Øyvind

Marit

02.04.2014 kl.16:03

Jeg synes det "Noen" skriver er interessant, men på motsatt måte. "Det som har skjedd er at du har forelsket deg i en annen og forlatt partneren og barna dine. Det er ikke en solskinnshistorie, det er bare trist". Hvorfor er det bare trist? Hvis vi ser bort ifra at du heller ikke har forlatt barna dine? :) Såklart er det synd med samlivsbrudd, men dersom begge blir lykkelige etter dette, så er det vel en positiv endring?

Synd at folk må se situasjoner så svart-hvitt, det her har jo ikke bare med legning å gjøre, det er sikkert mange som forblir i forhold fordi de "føler de må/bør", selv om det egentlig er noe annet de ønsker. Enten dette er på grunn av legning, kultur, religion, psykiske problemer, familieforhold osv. Det er vel det dette handler om, å tørre å føle det man gjør, og at man skal kunne elske de man vil uten at det skal få negative reaksjoner :) Håper virkelig mange i tilsvarende situasjoner leser det du skriver og all støtten du får, jeg tror du kan redde mange fra sperringer de i hovedsak setter på seg selv :)

Det er vanskelig å forstå hvordan det føles når man ikke har vært der selv, jeg trodde aldri jeg skulle bry meg om jeg var hetero eller homo, men da jeg var 14 ble jeg avstandsforelsket I en jente, og fikk full panikk. Det er rart hvorfor man er så redd for å være "annerledes". Nå har jeg kun forelsket meg i gutter etter dette, men jeg håper jeg hadde klart å godta meg selv uansett. For det er jo virkelig ikke en side ved en selv som er noe negativ? Mange mennesker (meg inkludert) lever jo med personlighetstrekk/problemer som er og anses som svært negative, sinneproblemer osv, som man heller ikke får gjort mye med, men man må jo fortsatt lære å godta seg selv. Så det er jo rart at noe så ufarlig som homofili er vanskeligere for en selv og andre å godta. For det går jo faktisk ikke utover noen (jeg tror barn oppdratt med mye kjærlighet har det best uansett foreldrenes legning :))

Uansett, takk for hyggelig lesning som får en til å reflektere også over sitt eget liv og hva man godtar og ikke godtar ved seg selv, håper du tar til deg alt det positive og forsetter å stole på den du er og hva du føler :)

Skeiv Pappa

02.04.2014 kl.17:01

Hei Marit!

Sjølv takk for ein fin post :) Eg set utrulig stor pris på det du skriv, og må berre seie eg er einig i alt saman. Ikkje minst det du skriv om at det er vanskelig å kunne forstå noko ein ikkje har opplevd sjølv.

Så tenker eg også at du både er heldig og uheldig fordi du vart avstandsforelska i ei jente ein gong. Heldig fordi du har evnen til å forelske deg på tvers av kjønn - og uheldig fordi det var ei oppleving som vart panikkarta for deg. Eg kan skriv under på det også :)

For meg var det likevel ikkje så "enkelt" som at eg berre forelska meg i ein annan, for meg vart det umulig å handtere forelskelsen fordi det var så mykje undertrykte kjensler som vart utløyst samstundes. Hadde det vore ein "normal" forelskelse eller avstandsforelskelse, kunne vi ha gått i terapi, og forsøkt å løyse dette saman, men igjen, det var så mykje anna som gjorde at eg skjønte eg ikkje kunne fortsette vidare i ekteskapet.

Du er óg med på inspirere meg vidare til å skrive og dele meir i denne bloggen.

Igjen, tusen takk til deg Marit.

Alt godt!

Øyvind

Tuva

03.04.2014 kl.08:37

Jeg skulle egentlig vært på vei til skolen nå, men dette innlegget var så bra! Jeg så deg nettopp på god morgen Norge! :-) du er veldig modig!

Skeiv Pappa

03.04.2014 kl.08:42

Tuva: hei Tuva! Takk, vart veldig glad for helsing frå deg, vonar det går bra at du kjem litt seint på skulen, du får skulde på meg ;)

Helsing Øyvind

Kristine

03.04.2014 kl.09:32

Du skriver veldig fint. Dette innlegget vekker mange følelser hos meg, også fordi jeg selv ble "forlatt" (til fordel for en annen kvinne) av min mann da vårt yngste barn bare var en måned gammel. Siden har jeg vært alene med barna, og jeg har slitt med dårlig selvfølelse og kjent på den jævlige bitterheten. Min eksmann tok et valg om å forlate både meg og våre to barn da jeg var på mitt mest sårbare. Jeg setter meg derfor veldig inn i din ekskones situasjon, og tenker på hvordan det måtte ha vært for henne å oppleve dette, ganske kort tid etter en fødsel.

Når det er sagt, så vet jeg at dette ikke er svart/hvitt. Jeg forstår jeg at du tok et vanskelig, men viktig valg for å få lov til å være den personen du ønsker å være. Og det er utrolig tøft gjort!

Skeiv Pappa

03.04.2014 kl.10:25

Kristine: Hei Kristine! Takk for eit fint innlegg! Det er viktig å sette ord på dei kjenslene du har, du skal sjå det hjelper deg med å akseptere det du har gått gjennom, og ikkje minst tilgi. Då først trur eg du kan gå vidare.

Eit samlivsbrot er inga solkskinshistorie i dei aller fleste tilfella, og det er heller ikkje det denne bloggen min dreier seg om - difor har eg har bevisst prøvd å skrive minst mogleg om korleis dette har vore for ekskona.

Eg har som eg skriv hatt utrulig dårleg samvit, og følt mykje skuld og skam både før og etter bruddet. Eg har etterkvart lært at eg ikkje kan ta ansvar for kva andre føler, heller ikkje mi ekskone. Det eg derimot kan gjer, er å ta ansvar for mine eigne kjensler og korleis eg tek vare på meg sjølv og dei rundt meg, inkludert eks. og born.

Eg håper du har kome til ein betre stad etterkvart, at du også klarer løfte blikket og gå vidare, og er det tungt, anbefaler eg å prate med nokon, prat alt det vonde ihjel.

Alt godt!

Øyvind

Katrine

03.04.2014 kl.10:58

Hei! Så utrolig fint å lese om hvordan livet ditt har endret seg til det bedre nå som du lever mer "i tråd" med deg selv. Tøff mann! Ønsker deg alt godt videre i livet :-)

Skeiv Pappa

03.04.2014 kl.11:15

Katrine: Hei Katrine! Takk for fin helsing :)

Lise

03.04.2014 kl.14:37

Hei ;)

Så deg på "God morgen, Norge" i dag, og ble nysgjerrig på bloggen din :) Du skriver så fantastisk bra, jeg unner deg alt godt :) Ta imot alt livet har å by deg, det har du jammen fortjent,!! Heldigvis er ikke livet enten svart eller hvitt, men fylt av farger hvis man velger å se dem, og glede seg over dem ;) Kjærligheten spør ikke etter alder, og det er ikke alltid kjærligheten spør tydelig etter kjønn heller. Det viktigste er å ta imot kjærligheten og gi bort kjærlighet, enten det er fra et menneske av eget eller motsatt kjønn. Du har flotte verdier som ungene dine kommer til å dra god nytte av ;)

Stå på, du er dagens helt!!!!

Skeiv Pappa

03.04.2014 kl.14:49

Lise: Tusen takk Lise for veldig hyggelig tilbakemelding, eg er heilt einig med deg i ditt syn på kjærleiken, og tek til meg dei varme orda frå deg :)

Mvh Øyvind

Celina

03.04.2014 kl.18:18

Hei! først vil jeg si at jeg synes det er fint at du nå i voksen alder kan være den du er, veldig modig å stå frem slik som du har gjort! det som "plager" meg litt her er vell kanskje noe av det samme som Noen skriver oppe i kommentarfeltet. Du forlot din kone fordi du forelsket deg i noen andre, det er synd uansett om man er i et homofilt/heterofilt forhold. Jeg kan ikke la være å tenke på ekskonen din og hvordan hun taklet dette. Jeg tror jeg ville ha følt med bedratt om en mann som jeg hadde vært sammen med i så mange år plutselig fortalte meg at han var homofil og forelsket i noen andre.. jeg bare skjønner ikke hvorfor folk som vet med seg selv innerst inne at de kanskje er homofile men ønsker å ikke være det må finne seg noen av det andre kjønn bare for å skulle være normale? jeg tror ikke jeg noen gang kan komme til å støtte dette, altså man "kaster" bort tiden til et annet menneske for så å forlate den mange år senere når de har fått mot til seg! Uansett jeg måtte bare få skrevet ned mine tanker rundt dette. Jeg synes selvfølgelig at alle skal få være den de er, og du virker som en bra fyr! jeg liker bloggen din, stå på videre!:)

Skeiv Pappa

03.04.2014 kl.18:39

Celina: Takk for tilbakemeldinga - som eg har svart før, så er det vanskeleg for andre å sette seg inn i korleis andre tenker og føler, og difor har ikkje heller du noko moglegheit til å vite korleis dette er og har vore for meg.

Du skriv også mykje "tror" og at du ikke "skjønner" og der ligg vel også litt av kjerna i di oppfatning av det eg skriv.

For meg har det ikkje vore noko svart/kvitt eller anten/eller her, det har tvert i mot vore eit kjenslemessig kaos som eg veit eg i alle fall ikkje har hatt kontroll på.

Eg har også nevnt at eg ikkje har tenkt å skrive noko om korleis mi ekskone har og har hatt det, fordi eg respekterer hennar privatliv, så difor går eg ikkje inn på det du skriv om akkurat det. Men samlivsbrot er for dei aller fleste vondt, uansett årsak. Likevel, for mange kan det også gi moglegheita til å starte på nytt og å få eit betre liv.

Eg set pris på dine synspunkt og di støtte, men ynskjer at du ikkje hadde vore så kategorisk i dine utsagn, verkelegheita er mykje meir nyansert etter mi meining.

Og du har sjølvsagt rett til å ha dine meiningar om det eg skriv, men eg kan også seie at eg ikkje er einig i alt du skriv :)

Alt godt!

Øyvind

Silje

04.04.2014 kl.09:12

Hei. Når eg leser teksten du skriver så kjenner eg at eg føler med deg i den "vonde" tida med all usikkerheten,der du ikkje vil såre (x)kona, barna og alle rundt..og ein sjølv står i midten av alt å blir "forsømt" på det grovaste.kjente at eg fekk heilt vondt i magen på dine vegne. Ynskjer deg lykke til med det "nye" livet ditt, ynskjer deg all lykke og hell på din veg. Takk for din openheit. Kan nok sikkert hjelpe mange som er i samme situasjon. :)

I

04.04.2014 kl.09:56

Jeg syns så synd på ekskona og barna dine. Føler kanskje har ført dem bak lyset.

Å være homofil er ikke noe galt, men å møte andre menn privat når du fortsatt er gift... det er galt. Spesielt når dere nettopp hadde fått et barn. Jeg blir utrolig trist og gråter inni meg.

Skeiv Pappa

04.04.2014 kl.10:17

Silje: Silje: Kjære Silje! Eg set stor pris på det du skriv, og det kjennes godt for meg at du ser at det å stå i midten av det heile, anten ein er skuldig i det sjølv eller ikkje, har vore alt anna enn lett.

Å "kome ut av skapet" var alt anna enn frigjerande og positivt til å byrje med, det var tvert i mot, noko av det mest traumatiske eg har opplevd, og sjølvsagt var det også vanskeleg for ekskona og familien min og hennar.

Når eg tenker tilbake, ser eg at sjølv om eg gjekk gjennom mitt livs største krise så var mitt hovudfokus å "skåne" alle rundt meg, og eg var så full av skuld og dårleg samvit at eg tenkte at eg ikkje fortente hverken støtte eller hjelp, og sjølvkjensla var heilt på botnen.

I etterkant har eg også skjønt at eg måtte gjennom denne perioda, og "kverna" for å kunne finne tilbake til meg sjølv, bygge meg opp, fri meg frå skuldkjensla, og til slutt bli glad i meg sjølv, og klare å nyte livet.

Eg skal skrive meir om dette i eit eige blogginnlegg, men ville gjerne utdjupe kvifor di melding gjorde så godt, og traff meg mitt i hjartet :)

Alt godt!

Øyvind

Skeiv Pappa

04.04.2014 kl.10:19

I:Hei! Eg blir litt nysgjerrig på kven du er, og kva som får deg til å skrive til meg, eg undrar meg også på om du har lese alt eg har skrive på bloggen?

Eg vil i så fall utfordre deg til å tenke på kva du ynskjer å oppnå med kommentaren din, og gjerne skrive meir til meg.

Alt godt!

Øyvind

Marit

04.04.2014 kl.10:37

Hei igjen, jeg er så lite glad i ensidig syn på saker, så jeg synes det er minst like interessant med de litt mer negative kommentarene her :) Jeg fikk derfor lyst til å kommentere kommentaren til Celina også, for det er mye spennende man kan diskutere rundt dette :)

Jeg reagerte nemlig litt på å fremstille dette som at "man "kaster" bort tiden til et annet menneske for så å forlate den mange år senere når de har fått mot til seg". Ifølge den logikken så vil alle som går inn i forhold de ikke er modne på, med folk de ikke passer eksakt med, folk som er usikker på egen psyke, på den andres psyke, som ikke er like monogame av natur som "idealmennesket" osv kaste bort tiden til andre når de går inn i forhold/ekteskap. Så egentlig burde de fleste av oss aldri blitt sammen med noen :) Og hvorfor fokus kun på den andre part, man "kaster" like mye bort sin egen tid uten å ville det, og den andre "kaster bort" din tid ved å ville forsøke forholdet, er ikke det like ille?

Folk har altfor lett til å peke ut en til å ha "offerrollen" i slike situasjoner, når som regel begge parter lider. Men når to parter som har vært åpne mot hverandre (som i denne saken) går inn i et forhold, og fasaden etterhvert sprekker, så er det jo ingen som har lurt den andre? Tvert imot, her prøvde Øyvind å få et forhold til å fungere, og var utifra det som står her relativt åpen om sine følelser fra starten, og var også åpen og ærlig om det når det etterhvert ikke gikk lenger! Mer kan man vel nesten ikke be om fra et menneske?

Akkurat som når noen forelsker seg i noen andre. Øyvind, du skriver at om det "bare" hadde vært en forelskelse kunne dere gått i terapi, men jeg tror sånt ofte er mer enn "bare" en forelskelse, i mange ulike situasjoner. Alt avhenger vel av forholdet man har fra før, om det er noe der som absolutt ikke er som det skal være, og det kan være svært mange grunner, så kan det å forelskelse seg være en befrielse, selv om det også kommer med mye vondt. Jeg tror at mange ikke klarer å unnslippe forhold man ikke burde være i før man forelsker seg, enten det er fordi det bare er dødt, det er fysisk eller psykisk undertrykkende, eller man har egne årsaker til at det er vanskelig som i ditt tilfelle. Folk gjør som regel ting av en grunn, og vi har lett for å tenke at vi selv gjør det vi er nødt til, mens "alle andre" er "fæle" mot de rundt seg av rent egoistiske grunner :). De fleste har vel brutt forhold, såret andre osv fordi de følte de måtte, men har likevel lett for å gå hardt ut med at de ikke støtter måten andre har oppført seg på i liknende situasjoner.

Jeg tror mange hadde hatt godt av å tenkte litt over at de fleste mennesker faktisk forsøker å gjøre det som er "riktig", men at konflikterende følelser og tanker og behov kan være vanskelige å sjonglere, særlig når man er midt i situasjonen. Jeg tror for eksempel ikke Øyvind som ung tenkte at "Oi, jeg faller for menn, men nå forelsket jeg meg i en kvinne, da kan jeg bli sammen med henne i noen år før jeg dumper henne for en mann". :P Det er jo nesten det Celina antyder i sin kommentar. Uansett hvor ubehagelig man selv synes det ville vært å bli forlatt, så må man godta at folk tar sjanser når de håper at ting skal fungere, gjør vi ikke alle det når vi går inn i forhold?

Marit

Skeiv Pappa

04.04.2014 kl.10:54

Marit: Hei Marit! Først vil eg takke deg for ditt engasjement i bloggen og dette temaet. Deretter vil eg seie at eg er heilt einig med deg, negative kommentarer er kjempeviktige, og eit ensidig syn er ikkje like konstruktivt som ein god debatt.

Eg ynskjer å svare alle på ein konstruktiv måte, og eg prøver å unngå å være defensiv, men om eg lukkast er det ikkje så lett for meg å sjå :)

Det du skriv står så bra for seg sjølv, så tenkjer ikkje gå inn og kommentere enkeltpunkt, bortsett frå det du skriv om "bare en forelskelse". Sjølvsagt er dette også ei subjektiv oppfatning, og eg meinte berre å uttale meg på eigne vegne. Eg ser no i ettertid at det var ein litt enkel konklusjon å tru at det kunne ha ordna seg om eg "berre" var forelska og ikkje i ein mann. Takk for at du hjelper meg å sjå det.

Honnør og applaus til deg :)

Øyvind

Marit

04.04.2014 kl.14:48

Fint du synes det er ålreit, det er ikke meningen å ta helt over her :P Men dette er såpass viktig og interessant tema, så jeg blir engasjert :)

En kommentar til ang. det å falle for folk. Hvorfor er det vanskeligere å godta egne følelser enn andres? Jeg synes selv det er så rart, for da jeg var ung var jeg nesten unormalt "åpen" for andre følelser og familieforhold, uten at jeg hadde noe kjennskap til det selv. Jeg husker da vi var 12 og noen i jentegjengen var redd for å sitte ved siden av en jente de trodde var lesbisk, og jeg sto frem og lurte på hvorfor det skulle gjort noe. Likevel, da jeg selv fikk følelse for en jente fikk jeg likevel full panikk, uten at jeg forsto hvorfor, og jeg tror ikke jeg var så redd for andres reaksjoner egentlig, jeg bare ville ikke føle slikt. Jeg har i ettertid alltid vært flau over at jeg som er såpass åpen ikke godtok disse følelsene. (og dette var i tillegg ren avstandsforelskelse i en ganske "guttete" jente og har aldri skjedd siden, så jeg vet fortsatt ikke om jeg kan forelske meg i begge kjønn eller ei, men det spiller liten rolle for min del :)). Hvorfor er det så vanskelig å akseptere sider hos oss selv, som vi ikke engang tenker på som negative hos andre? Er vi så opptatt av å ha "enkle, normale" liv?

Marit

04.04.2014 kl.20:44

Jeg klarer ikke å unngå og legge igjen en kommentar til bloggen din for den traff meg midt i hjertet. Jeg har ingen opplevelse som tilsvarer det du skriver om, men det er en virkelighet man hører lite om. Det kan være fordi det fortsatt er litt tabu - å forlate kona si for en annen mann. Noe det ikke burde være (!!!) Jeg beundrer deg for ærligheten din og at du skriver om et så sårt tema. Jeg er glad for at du har "funnet deg selv" eller hvordan man skal si det, det fortjener alle. Jeg kommer uten tvil til å følge bloggen din videre og ønsker deg alt godt fremover. Har faktisk lyst til å gi deg en god klem.

Skeiv Pappa

04.04.2014 kl.21:54

Marit: Hei! Takk for positiv pepp - det er godt å få anerkjennelse frå deg, spesielt sidan du ikkje har opplevd tilsvarande som du skriv. Eg vonar verkeleg at det eg skriv og mi erfaring kan bety noko for andre, og eg blir difor veldig glad for meldinger slik som di. :)

Folk klemmer generelt for lite synes eg.

Skeiv Pappa

04.04.2014 kl.21:59

Skeiv Pappa: Terje, eg kan dessverre ikkje publisere innlegget du har sendt meg, meg eg vil likevel fortelle deg at det har gjort inntrykk, og at det er sterkt gjort å sette ord på alt du bærer inni deg. Eg håper du kan gjere som eg har skrive fleire gongar, snakk med nokon, snakk og snakk og snakk det ihjel ... til du føler deg betre og kan stå med rak rygg i vinden!

Alt godt!

Øyvind

Terje

05.04.2014 kl.00:53

Takk Øyvind :-) Stor respekt til deg.

Skriv en ny kommentar

Skeiv Pappa

Skeiv Pappa

39, Oslo

Skeiv Pappa, med to born frå eit tidligare heterofilt ekteskap. Kom ut av skapet i voksen alder. I denne bloggen vil eg dele tankar og hendingar frå mitt "nye liv" - om korleis det er å starte på nytt i voksen alder og kva det innebærer av sorger og gleder.

Kategorier

Arkiv

hits